Tordisfeltet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tordisfeltet er eit oljefelt på Tampenområdet i Nordsjøen. Feltet ligg mellom Snorrefeltet og Gullfaksfeltet. Frå juni 1994 har Gullfaks C- oljeplatformen motteke og handsama petroleum frå Tordisfeltet. I tillegg til hovudstrukturen Tordis, vert feltet utgjort av strukturane Tordis Øst (1998), Borg (1999) og Tordis Sørøst (2001). Utvinninga av petroleum skjer med installasjonar på havbotnen. Det er bygd ut med ein sentral havbotnmanifold som er knytt til Gullfaks C. Til denne manifolden er det knytt sju separate satellittbrønnar og to havbotnrammer. Brønnstraumen blir overført til Gullfaks C i to røyrleidningar. Vatn til vassinjeksjon kjem i ein røyrleidning frå Gullfaks C. Statoil er operatør for Tordisfeltet. Feltet vart bygd ut av det tidlegare norske oljeselskapet Saga Petroleum
[endre] Kjelder
- Olje- og energidepartementet: Fakta norsk petroleumsverksemd 2005. Nettversjon
- Fakta om Tordis på http://www.statoil.com
- Tordisfeltet - Petroleumskartet, Norsk Oljemuseum
- Tordis feltet Konsekvensutredning Saga 1991 Oljedirektoratet
- Fakta om Tordisfeltet Oljedirektoratet