Trond Giske
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trond Giske (f. 7. november 1966 i Trondheim) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han er kulturmiminister i regjeringa Stoltenberg II.
Giske blei vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke i 1997. Han var statsråd i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet frå 2000 til 2001 og fekk stillinga som kulturmiminister i regjeringa Stoltenberg II i 2005. I EU-striden var Giske ein av dei sentrale i Sosialdemokratar mot EU saman med Hallvard Bakke.
Av utdanning er Trond Giske cand. mag. med sosialøkonomi, statsvitskap og juss i fagkrinsen.
Giske er sambuar og har ei dotter, Una (fødd 2003).