Trondheimsfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trondheimsfjorden er Noregs tredje lengste fjord med sine 130 km. Fjorden ligg i Midt-Noreg og strekker seg fra Ørland, søraustover mot Trondheim, og derifra mot nordøst til Steinkjer. Det djupaste punktet er på 617 meter ved Agdenes.
Fjorden var lenge den viktigaste ferdselsåra i regionen, noko som gjenspegla seg i den tidlegare kommuneinndelinga. Delar av noverande Agdenes kommune var lenge knytt til kvar sin av i alt tre kommunar på nordsida av fjorden: Den opphavlege Agdenes med Ørland; Lensvik med Rissa; og Ingdalen med Stadsbygd.
Fjorden kan kryssast
- med ferje Brekstad-Valset (riksveg 710) ytterst i fjorden
- med ferje Flakk-Rørvik (riksveg 715) ved Trondheim
- over Skarnsundbrua mellom Inderøy og Mosvik (riksvei 755)
Det går òg ferje frå Levanger til Ytterøy i same kommune.
Snøggbåtforbindelser i fjorden:
- Trondheim-Vanvikan
- Kystekspressen Trondheim-Brekstad, med stopp på Kvithyll i Rissa, Lensvik i Agdenes og vidare til Hitra og Kristiansund.
[endre] Side- og delfjordar
Rekkefølge frå kysten og innover.
- Innløp
- Trondheimsleia
- Kråkvågfjorden
- Ytre Trondheimsfjord
- Stjørnfjorden
- Nordfjorden
- Sørfjorden
- Korsfjorden
- Orkdalsfjorden
- Gaulosen
- Stjørnfjorden
- Flakkfjorden
- Strindfjorden
- Stjørdalsfjorden
- Åsenfjorden
- Fættenfjorden
- Nordviksundet
- Borgenfjorden
- Skarnsundet
- Beitstadfjorden
- Verrasundet
- Verrabotn
- Steinkjerfjorden
- Beitstadsundet
- Hjellebotn
- Verrasundet