Trysil
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0428 |
Fylke: | Hedmark |
Administrasjonssenter: | |
Flatevidd: | 3 015,0 km² |
Folketal: | 6 845 (2006) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.trysil.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Ole Martin Norderhaug (AP) 2003-2007 |
Trysil er ein kommune i Hedmark med omkring 7000 innbyggjarar. Han grenser i nord til Engerdal og Rendalen, i vest til Åmot, og i sørvest mot Elverum og Våler. Den austre delen av kommunen er ei utbuling mot Sverige, slik at Sverige der omgir kommunen både i nord, aust og sør.
Jord- og skogbruk er dei viktigaste næringane, og Trysil er dessutan Noregs elgkommune, med 1000 elg felt i 2002.
Det største skianlegget i Noreg, Trysilfjellet, ligg i Trysil kommune. Skisporten har stått sterkt i Trysil og kommunen har fostra mange store skilauparar. Kommunevåpenet er pryda av to skistavar med tradisjonelle trinser.
Trysil hadde eige ordførarval i 2003. Ole Martin Norderhaug fekk 59,9% av stemmene og vart vald til ordførar.
[endre] Kjende personar frå Trysil
- Hallgeir Brenden – skilaupar.
- Halvor Floden – barnebokforfattar.
- Tormod Haugen – barnebokforfatter.
- Sigmund Løvåsen – forfatter.
- Anita Moen – skilaupar.
- Sven Moren – forfattar.
- Gjermund Muruåsen – skilaupar.
- Einar Skjæraasen – forfattar.
- Johan Sætre – skihoppar.
- Trysil-Knut – segnfigur.
- Halldis Moren Vesaas – forfattar og gjendiktar.
[endre] På verdsveven
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |