Tyssedal Kraftanlegg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tyssedal Kraftanlegg var eit kraftanlegg som låg i Tyssedal i Odda kommune. Det vart reist mellom 1906 og 1918 og var verdas største høgtrykks kraftstasjon i si tid.
Tyssedal Kraftanlegg er no ein del av Noregs Vasskraft- og Industristadmuseum, som fortel historia om vasskraft- og industrireising i Noreg.
[endre] Freda
Kraftanlegget er eit av Noregs mest komplette industrielle kulturminner, og på bakgrunn av dette vart det freda av Riksantikvaren i 2000, saman med større delar av det originale kraftanlegget i Tyssedal. Etter dette er eit stort restaureringsarbeid gjennomført.
Nokon arbeider for å få anlegget inn på UNESCOs liste over verdas kulturminner.
[endre] Tusenårsstad og Århundrets byggverk
Bygget er Odda kommunes tusenårsstad og vart Århundrets byggverk i Hordaland og Sogn og Fjordane.