Unix
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
UNIX® (kjend som Unix) er eit tverrplattform-operativsystem for datamaskiner. Unix var ein videreføring av prosjektet Multics. Arbeidet med Multics feila, men vart teke over av ansatte ved AT&T Bell Labs der det vart til UNIX. Dei mest kjende personane bak Unix frå denne tida er Ken Thompson, Dennis Ritchie og Douglas McIlroy.
Før UNIX var operativsystema tunge og uoversiktlege, program var ofte programmert til å utføre fleirtallige oppgåver samstundes. Då strukturen i UNIX-systemet vart laga baserte ein seg heller på små program som berre utførte ei oppgåve av gangen. I tilfellet då maskina skulle gjere store tunge oppgåver, køyrde ein informasjonen frå program til program gjennom piper eller «pipes».
Under arbeidet med UNIX fekk ein og bruk for eit lett, enkelt, maskinnøytralt, men kraftig programmeringspråk for å kunne flytte program frå maskin til maskin. På den tida måtte eit program skrivast på nytt for kvar nye type maskin, noko som var særs upraktisk. Det var byrjinga på programmeringspråket C.
Ein viktig del av UNIX er òg det såkalla skalet som er eit program som fortolkar kommandoar brukaren skriv inn i eit tekstvindu på skjermen. Skalet har vore og er framleis det viktigaste grensesnittet mellom brukar og operativsystem. Gjennom skalet kan brukaren administrere filer, få oversikt over systemressursar, starte opp andre program osv. I staden for å skrive kommandoane interaktivt på tekstvindauget, kan brukaren og lage ei tekstfil med dei same kommandoane. Tekstfila kan deretter køyrast som eit vanleg program. Dette forenklar bruken av eit UNIX-system vesentleg. Arbeidsoppgaver som regelmessig må gjentakast kan programmerast og bli teke vare på i ei slik fil.
Fleire operativsystem har basert seg på eller henta inspirasjon frå Unix, blant andre Linux, Minix, BSD (FreeBSD, NetBSD, Mac OS X) og plan9.
I dag er restane av det som ein gong var det offisielle Unix spreidd rundt om kring, noko som har ført til fleire kontroversar. AT&T selde Unix til Novell i 1993, som seinare bestemte seg for berre å behalde kjeldekoden og å selje varemerket Unix og Single Unix Specification til The Open Group. «Single Unix Specification», som i dag er i si tredje utgåve (Unix 03), er ein spesifikasjon som seier kva krav som stillast til eit operativsystem for at det skal kunne kallast Unix. Ingen av dei to mest brukte Unix-liknande operativsystema i dag, Linux og *BSD, er sertifisert under denne standarden, sjølv om det ikkje skal mykje ressursar til for å få dette til.