New Immissions/Updates:
boundless - educate - edutalab - empatico - es-ebooks - es16 - fr16 - fsfiles - hesperian - solidaria - wikipediaforschools
- wikipediaforschoolses - wikipediaforschoolsfr - wikipediaforschoolspt - worldmap -

See also: Liber Liber - Libro Parlato - Liber Musica  - Manuzio -  Liber Liber ISO Files - Alphabetical Order - Multivolume ZIP Complete Archive - PDF Files - OGG Music Files -

PROJECT GUTENBERG HTML: Volume I - Volume II - Volume III - Volume IV - Volume V - Volume VI - Volume VII - Volume VIII - Volume IX

Ascolta ""Volevo solo fare un audiolibro"" su Spreaker.
CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Linux - Wikipedia

Linux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen handlar om Linux-tufta operativsystem, GNU/Linux, og nærskylde emner. Sjå linuxkjernen for sjølve kjernen.

Knoppix, ein variant av Linux som kjører direkte frå ein cd
Knoppix, ein variant av Linux som kjører direkte frå ein cd
Pingvinen Tux er rekna som maskott og symbol for Linux
Pingvinen Tux er rekna som maskott og symbol for Linux

Linux er eit operativsystem for datamaskinar og kjernen det er bygd på. Det er mellom dei best kjende døma på fri programvare og open kjeldekode-utvikling.

Nemninga Linux gjeld eigentleg berre Linuxkjernen, men vert i dag nytta om heile Unix-liknande operativsystem (òg kjende som GNU/Linux) som er tufta på Linuxkjernen, biblioteka og verktya frå GNU-prosjektet. Linuxdistribusjonar inneheld ofte store mengder programvare attåt kjernesystemet.

Linux vart opphavleg utvikla for Intel 386-mikroprosessorar, men stør no fleire ulike prosessorarkitekturar. Det vert nytta i alt frå personlege datamaskinar til superdatamaskinar og småsystem som mobiltelefonar og videokamera.

Etter å ha vorte utvikla mest av einskilde entusiastar i byrjinga, har Linux fått stø av store selskap som IBM og Hewlett-Packard. Dette har gjort at proprietære operativsystem som versjonar av Unix og Microsoft Windows har mista marknadsdeler til Linux i tenarmarknaden. Tilhengjarar og mange analytikarar gjev leverandøruavhengigheit, låge implementeringkostnadar, tryggleik, tilgjenge til kjeldekode og støleik mykje av æra for denne framgangen.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Linus Torvalds, skaparen av Linuxkjernen
Linus Torvalds, skaparen av Linuxkjernen

Linuxkjernen vart opphavleg skriven som ein hobby av den finske universitetsstudenten Linus Torvalds, medan han studerte ved Universitetet i Helsinki. Torvalds brukte opprinneleg Minix på datamaskina si, ei forenkla kjerne skriven av Andrew Tanenbaum for undervisningsføremål i operativsystemdesign. Tanenbaum støtta ikkje utvidingar i operativsystemet sitt, noko som fekk Linus til å skrive ein avløysar til Minix. Sjølv om ein Minixkjerne opphavleg var naudsynt for å installere og kjøre Linux, gjekk Linux systemet raskt forbi Minix i funksjonalitet.

Den første versjonen av Linuxkjerna vart lansert på Internett i september 1991, og den andre versjonen kom i oktober same året [1]. Sidan den gongen har tusenvis av utviklarar frå heile verda delteke i prosjektet. Eric S. Raymond sitt essay The Cathedral and the Bazaar diskuterer utviklingsmodellen av Linuxkjernen og liknande programvare.

Historia om GNU, eit fri-programvareprosjekt leidd av Richard Stallman, heng tett saman med Linux-historia. GNU-prosjektet vart starta i 1983 for å utvikle eit fullstendig Unix-aktig operativsystem, inkludert programvareutviklingsverkty og brukarprogram, alt som fri programvare. Ved lanseringa av den første versjonen av Linuxkjerna hadde GNU-prosjektet produsert alle naudsynte komponentar av dette systemet bortsett frå kjernen. Torvalds og andre tidlige kjerneutviklarar tilpassa kjernen til å fungere med GNU-komponentane for å skape eit fullverdig operativsystem. Kjernen er lisensiert under GNU General Public License (GPL), men er ikkje del av GNU-prosjektet. GNU-prosjektet har sin eigen kjerne, GNU Hurd, men den er framleis under utvikling.

Pingvinen Tux er logoen og maskoten til Linux (det er mindre vanlige representasjonar; sjå OS-tan). Namnet «Linux» var påfunne av Ari Lemmke, administrator på ftp.funet.fi, som namngav FTP-mappa det først vart gjort tilgjengeleg frå [2]. Linux-varemerket (SN: 1916230) er eigd av Linus Torvalds, registrert for «Computer operating system software to facilitate computer use and operation.» Lisensieringa av varemerket vert no handsama av Linuxmerkeinstituttet.

Sjå òg: Kronologi for utviklinga av Linux

[endre] Linux og GNU/Linux

Grunna GNU-biblioteka og programma stammar nestan alle linuxdistribusjonar frå eit fritt operativsystemprosjekt som er eldre enn linuxkjernen sjølv. Richard Stallman og Free Software Foundation ynskjer at det kombinerte systemet skal (uavhengig av distribusjon) verte referert til som GNU/Linux. Sjølv om somme distribusjonar brukar dette namnet — især Debian GNU/Linux — omtalar dei fleste systemet som Linux. Skillet mellom Torvalds sin kjerne og operativsystemet Linux er ei konstant kjelde til forvirring, og namnet fortset å vere omstridd.

[endre] Søksmål

I mars 2003 saksøkte SCO Group (SCO) IBM der dei skulda IBM for å ha bidrege med delar av SCO sin intellektuelle eigedom til Linuxkjernen, og hadde brote vilkåra i IBM sin unixlisens. I tillegg sende SCO ut brev til eit antal selskap der dei åtvara om at bruk av Linux utan å betale lisens til SCO kunne resultere i søksmål, og hevda i pressa at dei kom til å saksøke individuelle Linux-brukarar. Denne kontroversen har involvert søksmål frå SCO mot Novell, Daimler Chrysler (delvis avvist i juli 2004), og AutoZone, medan Red Hat og andre har saksøkt SCO. Til dags dato har SCO ikkje kunna syne fram prov på skuldingane om kopiert kode. Den mest utfyllande dekkinga av saka er gjeven av Groklaw.

[endre] Distribusjonar

Linux er for det meste bruka som ein del av ein distribusjon (distro). Desse vert sett saman av individ, frivillige lag og diverse profesjonelle organisasjonar. Dei inkluderer det meste av programvare og visse prosessar for å installere det på ei datamaskin. Distribusjonar er laga for mange forskjellege føremål, inkludert lokaliserte omsetjingar, arkitekturstøtte, sanntidsapplikasjonar og «embedded» system. Nokre distribusjonar inneheld kun fri programvare.

Ein typisk allbruksdistribusjon inkluderer Linuxkjernen, GNU-bibliotek og verkty, kommandolineskall og ei uhorveleg stor mengd applikasjonsprogramvare, frå kontorprogramsamlingar og det grafiske X-vindaugesystemet til kompilatorar og vitskaplege verkty.

[endre] Utvikling

Meir enn ein Gigabert: Overslag av GNU/Linux sin størrelse, ein studie av Red Hat Linux 7.1, fann ut at denne einskilde distribusjonen inneheldt 30 millionar kjeldekodelinjer (KLAK). Ved å bruke COCOMO konstruktive kostnadsmodell (COCOMO), kom studiet fram til at denne distribusjonen kravde rundt rekna 8000 årsverk. Hadde all denne koden vorten utvikla på konvensjonelt proprietært vis, hadde det kosta 1,08 milliardar amerikanske (år 2000-) dollar å utvikle i USA.

Storparten av koden (71%) var skriven i programmeringsspråket C, men mange andre språk var og brukte, inkludert C++, Lisp, AT&T assemblyspråk, Perl, Fortran, Python og diverse shellscript-språk. Litt over halvdelen av alle linjene av koden var linsensierte under GPL. Linuxkjernen inneheldt 2.4 millionar linjer kode, eller 8% av totalen.

I ein seinare studie, å telje poteter: størrelsen på Debian 2.2, vart den same analysen utførd på Debian GNU/Linux versjon 2.2. Denne distribusjonen inneheldt femtifem millionar liner kode, og ville ha kosta 1,9 milliardar amerikanske (år 2000-) dollar å utvikle på konvensjonell måte.

[endre] Applikasjonar

Tidlegare måtte ein Linux-brukar vite mykje om datamaskiner for å kunne installere og konfigurere systemet sitt. På grunna av dette, og tiltrekkinga av å ha tilgang til maskina sine «innvollar», har ein Linuxbrukar tradisjonelt vore meir teknologisk orientert enn brukerar av Microsoft Windows og Mac OS, og ofte vorte kalla «hackarar» eller «geekar». Denne stereotypen har vorte svekka i nyare tid, etter kvart som Linux har vorte meir brukarvenleg. Linux har gjort vesentleg framgong i tenar og nisjemarknader, slik som bildehandsaming og nettenester, og byrjar å gjere inntog på skrivebordsmarknaden.

Linux er hjørnesteinen i såkalla LAMP-tenarar (Linux, Apache, MySQL, Perl/PHP/Python) som har nådd utbreidd popularitet mellom nettutviklarar, og no er ein av dei vanlegaste plattformane på nettet.

Linux er òg ofte bruka i embedded system. Låge kostnadar gjer det særs nyttig i heimeelektronikkbokser (set-top box) og for maskiner som Simputer, ei datamaskin retta særskild mot låginntektsfolkegrupper i utviklingsland. I mobiltelefonar er det eit alternativ til mellom andre Symbian OS. I handheldte maskiner er det eit alternativ til det dominerande Windows CE og Palm OS. Populære TiVo PVR brukar og ein tilpassa versjon av Linux. Eit antal nettverk brannmurar og og routerar, inkludert fleire frå Linksys, brukar Linux innvendig, med dette kan dei dra nytte av Linux sine brannmur og routing evner.

Linux er i stadig aukande grad bruka som OS i superdatamaskiner, no sist på 64-bit AMD Opteron i Cray XD1.

I skrivebordmiljø som KDE og GNOME kan Linux verte bruka med eit brukargrensesnitt som kan liknast med dei du finn i Mac OS eller Microsoft Windows, i tillegg til andre skrivebordsmiljø og den tradisjonelle Unix-aktige kommandolinja. Grafisk Linux-programvare eksisterer for mange nisjer, men framleis er det som regel større utvalg for proprietære operativsystem.

[endre] Bruk og marknadsdelar

Linux var ein gang sett på som eit operativsystem som berre data-geekar kunne bruke, men i dag er det mykje meir brukarvenleg, med mange grafiske grensesnitt og applikasjonar med liknande funksjonalitet av dei i populære proprietære operativsystem.

Marknadsdelen for skrivebordsbruk er framleis liten, men stadig veksande. I følgje marknadsforskningsselskapet IDC brukte 25% av alle filtenarar og 2,8% av skrivebordmaskiner Linux i 2002. Men, omtalte fordelar av Linux, slik som lågare kostnadar, færre tryggleikshol og leverandøruavhengigheit har resultert i eit veksande tal høgprofilsaker av masseadoptasjon av Linux av selskap og myndigheiter for spesifikke føremål.

Linux og andre fri-programvareprosjekt, har ofte blitt kritisert for å ikkje gå langt nok for å sikre nytteverdi, og spørsmålet om Linux sin nytteverdi samanlikna med Windows eller Macintosh er kraftig debattert. For dei som berre er kjend med Windows eller Mac kan systemet vere vanskeleg sidan mange oppgåver ikkje fungerar på ein identisk måte. Ein vesentleg skilnad er at i meir sofistikerte administrerings- og konfigureringsoppgåver er det ofte enklare å finne lokal brukarstøtte for Windows og Mac OS.

I tillegg må kanskje brukarar bytte ut sine gamle applikasjonar mot nye, og tilsvarande program kan i somme tilfelle ikkje vere tilgjengelige, eller der er færre alternativ, slik du har med dataspel. Vanlige program som rekneark og tekstbehandlarar og nettlesarar er tilgjengeleg for linux i større utval, og grunna fri distribusjon kan ein velgje det som passar ein sjølv. Dei fleste distribusjonar av Linux har to eller fleire metoder å installere programvare på, fleire «office»-program kjem no med eigne automatiserte installasjonsprogram. Grunna motvilje til å endre det faktum at dei fleste nye maskiner kjem med windows pre-installert, går utbreiinga av nye skrivebordsystem sakte. Linux ser likevel ut til å vera på gli i denne marknaden med fleire produsentar som pre-installerar Linux, og mange organisasjonar som har hatt fire fem år med erfaring med Linux. Marknadsdelane blir truleg større etter kvart som Linux blir meir brukt på arbeidsplassar og skular, og fleire blir komfortable med å bruke systemet.

Støtte for ny eller sjeldan/sær maskinvare forblir eit problem. Sjølv om mange maskinvareutviklarar lagar linuxdrivarar, må storparten av tilgjengelige drivarar tilverkast av frivillige etter at produktet er lansert. Ofte krev denne utviklinga (bakvendt utvikling) mykje arbeid, sidan maskinvare leverandørar ofte nektar å offentleggjere firmware eller maskinvarespesifikasjonar for sine produkt.

Der har vore motstridande studiar angåande Linux sin brukarvennlegheit og kostnad. Det tyske konsulentselskapet Relevantive, konkluderte i ei studie frå 2003 med at brukarvennlegheita i Linux for spesifikke skrivebordrelaterte oppgåver var «nesten tilsvarande Windows XP.» På den andre sida har Microsoft-sponsa studier utført av IDC konkludert med at det kostart meir totalt å bruka Linux samalinkna med Windows (høgare TCO).

Linuxdistribusjonar har blitt kritisert for å bli utvikla uforutsigbart, og difor gjere «enterprise»-brukarar mindre komfortable med Linux enn med andre system (Marcinkowski, 2003). Men, somme observatørar hevdar at intervallane mellom distribusjonsutgjevingar av Linux ikkje er verre, og ofte bedre enn dei hyppige utsettingane som ofte oppstår med andre operativsystem. Det store talet av linuxdistribusjonar kan òg forvirre brukarar og programvareleverandørar. Oppgåva Why Open Source Software/Free Software (OSS/FS)? Look at the Numbers! samlar informasjon frå fleire studier av ope kjeldekode som inkluderar marknadsdelar, stabilitet, og fleire studiar som spesifikt granskar Linux.

[endre] Installasjon

Opphavleg var installasjon ei barriære mot adoptasjon av Linux baserte system, men prosessen har blitt gjort mykje enklare i seinare tid. Mange distribusjonar er like enkle å installere som en samanlignbar versjon av Microsoft Windows. Mange distribusjonar inneheld mykje meir programvare enn Windows, slik at ein ikkje treng bruka tid på ekstra installasjonar etter operativsystemet. Ein treng normalt ikkje noko lisensnummer. PCar med Linux pre-installert er tilgjengeleg frå fleire leverandørar som til dømes HP og amerikanske Wal-Mart.

Den vanlegaste måten å installere Linux på, støtta av alle store distribusjonar, er å starte opp frå ein CD som innheld installasjonsprogrammet og installasjonsprogramvare. Slike CD-ar kan brennast til CD med eit ISO-bilde som ein først lastar ned, kjøpt for ein låg pris, eller kan kjøpast som ein del av ein pakke som ofte også inneheld manualar og komersiell programvare.

Somme distribusjonar, slik som Debian, kan bli installert med eit lite sett diskettar. Etter installasjonen av eit basissystem, kan meir programvare bli lagt til ved hjelp av Internett eller CD-ar.

Knoppix og diverse andre, kan kjørast direkte frå ein aktiv CD (live CD), framfor å installere det til harddisken. På denne måten kan du kjøre linux utan å gjere nokon endringar på innhaldet på platelageret ditt. Andre minimale distribusjonar, som til dømes tomsrtbt, kan kjørast direkte frå ein diskett utan å måtte endre noko på harddisken.

Enda ei metode å installere Linux på er å installere på ei kraftig maskin som skal brukast som filtenar (server), og å bruke vanlege, svakare maskiner (muligens utan platelager, med mindre minne og ein svakare CPU) som klientar over eit nettverk. Klientane kan startast opp over nettet frå hovudfiltenaren, vise resultat og sende informasjon til filtenaren der alle programma blir kjørde. Ein linuxterminalmaskin er ei enkel maskin som fleire klientar kan kople seg til på denne måten så ein får fordelen av å installere Linux på mange maskiner for kostnaden av å installere på ein. Klientane kan vere ordinære PC-ar med ein nettverkoppstartlastar på ein disk eller ein nettverkkontroller. Variasjonar på denne metoda inkluderar lokale harddiskar og datakraft til å kjøre applikasjonar. Kostnadsparingane du får ved å bruke tynnklientar kan investerast i datakraft eller lagring på serveren med store fordelar.

Mange distribusjonar støttar òg oppstart over nettverket, så ein installason på ei skikkeleg oppsett maskin kan gjerast over eit nettverk.

[endre] Installasjon på ein eksisterande plattform

Sjølv om mange distribusjonselskap no legg ned store ressursar for å utstyre brukarane med avanserte, enkle og spesifikke installasjonar, har mange nybyrjarar (særleg dei som tidlegare har nytta Microsoft Windows og Mac) fortsatt kjensla av at skiftet er vanskeleg. Mange løysingar er utvikla for å løyse desse problema. Løysingane let brukarar installere Linux på sine eksisterade system. Ta til dømes WinLinux[3]. Etter nedlasting av arkivet (over 100mb) kan du kjøre installasjonsfila på samme måte som du ville installere eit vanleg Windows program. Etter installasjonen gjer programmet deg i stand til å restarte maskina, og let deg så velje å starte Linux. Programvara utstyrar deg med alt du treng, og er ein fullverdig linuxdistribusjon. Skilnaden er at det ikkje er naudsynt å tukle med oppsettet for platelageret sidan Linux er installert på ein windowspartisjon. Ein linuxoppstartlastar vil starte opp Linux når du startar om maskina og vel Linux.

Virtual PCteknologi gjer det mogleg å kjøre Linux (eller eit vilkårleg anna OS) på ditt Windows system. Virtual PC programvara vil simulere eit isolert miljø der Linux-systemet kan installerast. Etter at installasjonen er fullført kan den virtuelle PC'en startast opp. Oppstartprosessen er synleg og den vil fungere på same måte som ein standard PC med Linux.

[endre] Konfigurasjon

Konfigurasjon av dei fleste innstillingar er lagra i eit enkelt bibliotek kalla /etc, medan brukarspesifikke innstillingar er lagra i skjulte filer i brukaren si /home-mappe. Nokre få program brukar ein konfigurasjonsdatabase i staden for filer.

Der er ein mengde forskjellege måtar å endre desse instillingane på. Den enklaste måten er å nytte verkty som fylgjer med distribusjonane, slik som SuSE sin YaST eller Mandrake sitt «Control Center». Andre, som t.d. Linuxconf, Gnome System Tools og Webmin er distribusjonuavhengige. Der er og kommandolinjeverkty som kan brukast til konfigurering. Sidan nesten alle innstillingar er lagra i vanlige tekstfiler kan dei endrast med ein teksthandsamar.

[endre] Windowsemulering

Ei rekkje program kan køyra windowsapplikasjonar under Linux, med varierande nivå av suksess. WINE, Win4Lin og WINE-baserte program som Crossover Office og Transgaming sin Cedega brukar eit applikasjonskompatibiliteslag som gjer det mogleg å kjøra somme windowsprogram på Linux med bortimot lik hastigheit (det er attpåtil mogleg å kjøre visse program raskare i Linux), utan å krevje windowslisens.

VMware er eit proprietært maskinvarevirtualiseringprogram som kjører andre operativsystem på ei virtuell maskin med nær perfekt funksjonalitet, men med monaleg dårlegare fart enn normalt. CPU-emulatorar (som Bochs eller QEMU) kan brukast, men då med vesentleg lågare fart.

[endre] Brukarstøtte

Teknisk brukarstøtte blir tilbydd av kommersielle aktørar og andre linuxbrukarar, vanligvis i nettforum, nyheitsgrupper og e-postlister. Linux-brukargrupper («LUG»-ar) over heile verda hjelper mange brukarar, oftast lokalt, og held ofte «installeringsfestar» der brukarar kan installere Linux med ei hjelpande hand.

[endre] Referansar

[endre] På verdsveven

Wikimedia Commons har ei samling filer som gjeld: Linux
Engelsk Wikiquote har ei samling med sitat som gjeld Linux.


Linux-distribusjonar
ALT Linux | Ark Linux | Caldera | CentOS | Debian | Damn Small Linux | Fedora Core | Fox Linux | Gentoo | Gnoppix | Knoppix | Kubuntu | Linspire | Lycoris | Mandriva | Mepis | Puppy Linux | Red Hat | Skolelinux | Slackware | SUSE | Trustix | Ubuntu | Xandros | Yellow dog Linux | Yggdrasil | YOPER




Static Wikipedia (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu