Vaner
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vanene var den eine av dei to gudeættene i norrøn mytologi. Dei kan sjåast som representantar for den gamle grødereligionen, medan æsene med Odin og Tor i spissen i større grad stod for det krigerske og patriarkalske.
Dei best kjende vanene var Njord, Frøy og Frøya, som kom til Åsgard som gissel etter den store krigen mellom dei to gudeættene.
Gjenoppliva dyrking av dei norrøne gudane som legg mest vekt på vanane kan kallast vanatru.
Vanane er knytt til grøde og vekst. Vanekulten er til eit visst mål knytt til alvane, og vanaheim og alvheim ligg i følgje Snorre nær einannan. Frøy-blotet vart óg kalla Alfablót i norrøn tid.
[endre] Peikar ut
- dokpro.uio.no - «Van» i Nynorsk- og Bokmålsordboka frå Universitetet i Oslo.
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over religionsspirer. |