Verdas meteorologiorganisasjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verdas meteorologiorganisasjon, eller World Meteorologicial Organization (WMO), er ein mellomstatleg organisasjon med 187 medlemsland og territorium. Han hadde sitt opphav i Den internasjonale meteorolgiorganisasjonen (International Meteorological Organization), som vart grunnlagd i 1873, og Noreg har vore medlem heilt sidan den gong.
WMO vart grunnlagd i 1950, og vart ein organisasjon under Sameinte Nasjonar for meteorologi (vêr og klima, operasjonell hydrologi og tilknytta geovitskapar). Hovudsete er i Geneve i Sveits, og den noverande administrande direktør er Alexander Bedritsky, medan Michel Jarraud er generalsekretær. Begge vart vald til desse stillingane ved den 14. Verdas meteorologikongress i 2003.
Måla til organisasjonen er:
- Å gjere det verdsomspennande samarbeidet enklare ved å etablere nettverk av observasjonsstasjonar, i tillegg til hydrologiske og andre geofysiske observasjonar knytta til meteorologi.
- Å gjere det enklare og etablere og vedlikehalde system slik at ein raskt kan utveksle meteorologisk og tilknytta informasjon.
- Å standardisere meteorologiske og tilknytta observasjonar, og sikre einsarta publisering av observasjonar og statistikk.
- Å føre bruken av meteorologi vidare i luftfart, skipsfart, vassproblem, jordbruk og andre menneskelege aktivitetar.
- Å føre aktivitar i operasjonell hydrologi vidare, og føre samarbeidet mellom meteorologiske og hydrologiske tenester nærare.
- Å oppfordre til forsking og utdanning i meteorologi, og andre tilknytta felt, og assistere i å koordinere dei internasjonale aspekta av slik forsking og utdanning.
Medlemslanda av WMO har møter annakvart år der ein diskuterer handlingar og gjer eventuelle endringar for å nå dei aktuelle måla nemnd over. Det siste møtet var i Geneve i Sveits.
WMO var med på å starte Den mellomstatlege juryen for klimaendringar (Intergovermental Panel on Climate Change) (IPCC) og Global Atmosphere Watch (GAW)
[endre] Verdas meteorologidag
- Verdas meteorologidag er 23. mars kvart år.