Werner von Siemens
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ernst Werner von Siemens (fødd 13. desember 1816 i Lenthe, nær Hannover i Tyskland, død 6. desember 1892 i Berlin) var ein tysk vitskapsman og industrialist.
I 1847 grunnla han saman med Johann Georg Halske Telegraphenanstalt von Siemens & Halske AG, det som seinare skulle bli Siemens AG. I 1866 oppgdaga han prinsippet bak dynamoen. I 1879 bygde han den fyrste elektriske jernbana, og i 1881 den fyrste sporvegen. I 1888 vart han adla av keisar Fredrik III av Tyskland.
Han har òg gjeve namn til eininga siemens.