Maldiskusjon:Wikipedia Hovudside Wikipedia-nytt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre] Nytt eller Nyhende?
Eg likar ikkje forma nyhende noko særleg... Nytt er fullt brukande på nynorsk, og nyhende er lite bruka i store deler av nynorskområdet. Kling litt for stivt for meg... Men dette er mi personlege meining. Kva tykkjer de? -- Olve 04:55, 14 Oct 2004 (UTC)
- Einig BjarteSorensen 07:10, 14 Oct 2004 (UTC)
- Heilt samd i det! Jarle 07:53, 14 Oct 2004 (UTC)
- Eg tykkjer også at nyhende høyrest litt stivt ut, men ikkje for stivt. Grunnen til at eg skifta var i grunnen den at eg tykkte sidetittelen på Wikipedia:Wikipedia-nytt ikkje trengte innehalda Wikipedia to gonger. Problemet med å endra det til Wikipedia:Nytt i staden for Wikipedia:Nyhende er at eg tykkjer ikkje det seier kva Nytt det er snakk om, det er så mangt som kan vera nytt for meg, ikkje berre "nye hendingar"/"nyheiter". Det er altså ikkje spesifikt nok, tykkjer eg. I denne samanhengen kan ein jo likevel kalla det for Wikipedia-nytt, og behalda Wikipedia:Nyhende som tittel på den sida. Det er Wikipedia:Wikipedia-nytt og Wikipedia:Nytt eg har problem med, ikkje Wikipedia-nytt.
- Eg tenkte meg det var derfor du hadde endra frå nytt til nyhende. Men eg ser då ingen problem at sidetittelen inneheld Wikipedia to gonger. BjarteSorensen 08:27, 14 Oct 2004 (UTC)
- Kva med tre gonger, Wikipedia:Wikipedia-nytt om Wikipedia;-) Det er då verkjeleg ikkje nødvendig å skriva at nyttet handlar om Wikipedia, når det allereie er klart frå Wikipedia:.
[endre] Nå eller no?
Eg lurer litt på no/nå. Forma nå går att ein del gonger her. Nå er sideform på nynorsk, og no kling no litt betre i øyro mine... Kva tykkjer de? Sidan dette er framsida og «ansiktet utad» for Nynorsk Wikipedia, meiner eg...? -- Olve 2. feb 2005 kl. 0956 (UTC)
- At nå er ei sideform er nok grunngjeve med å gjere det lettare for austaføringar i ungdomsskulen. 'Nå' høyrest merkeleg ut i ein nynorsk konktekst. I mine øyre. --Bep 2. feb 2005 kl. 1855 (UTC)
-
- Eg for min del seier, og skriv gjerne, nå, men eg trur me er komne fram til at hovudformer "vinn" over sideformer dersom dei to kjem i konflikt. "Offisielle" wikipediasider kan godt ha hovudformer som ein regel. -- Ranveig 2. feb 2005 kl. 2017 (UTC)
- Ja, eg seier og skriv nå som Ranveig, men vil òg gjerne ha no i dette høvet. Bjarte 2. feb 2005 kl. 2217 (UTC)