Wikipedia:Wikipedia-nytt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snarveg: WP:Nytt |
---|
Kvifor skrive her heller enn på no.wikipedia.org? Kvifor velje berre det eine? Skriv på begge to om du kan! Samhald gjev styrke og mangfald gjev rikdom! Det har vore mange diskusjonar om Wikipedia på dei ulike skriftspråka for det norske talemålet, og om kva løysing som er mest gagnleg for alle. Sjå her for ei oppsummering av desse, og kom gjerne med di meining òg!
Innhaldsliste |
[endre] 2007
[endre] Februar
- 3. februar 2007: Nynorsk Wikipedia runda 20 000 artiklar med «Eriesjøen», skriven av Stykkjet.
[endre] 2006
- 23. november 2006: Tysk wikipedia runda 500 000 artiklar. Vi gratulerer!
- 8. november 2006: Nynorsk Wikipedia runda 18 000 artiklar med artikkelen om «Hans Meyer».
- 2. oktober 2006: Dansk wikipedia runda 50 000 artiklar. Vi gratulerer!
- 16. september 2006: Nynorsk Wikipedia passerte 17 000 artiklar med «Buddy Bolden».
[endre] Juni
- 24. juni 2006: Nynorsk Wikipedia passerte 16 000 artiklar med «Definite» skriven av Gunnar Mikalsen Kvifte.
- Juni 2006: Samisk Wikipedia passerte 1 000 artiklar. Vi gratulerer!
[endre] Mai
- 29. mai: Jimmy Wales, ein av grunnleggjarane av Wikipedia, heldt eit føredrag[1] (om Wikipedia) i Bergen, etterfølgt av eit wikitreff med norske wikipediabrukarar.
[endre] April
- 15. april 2006: Nynorsk Wikipedia passerte 15 000 artiklar med «Corliss Lamont» laga av Eirik.
- 6. april 2006: Svensk Wikipedia passerte 150 000 artiklar.
[endre] Mars
- 1. mars 2006: Wikipedia på engelsk passerte 1 000 000 artiklar. Vi gratulerer!
[endre] Februar
- 21. februar 2006: Den finske wikipediaen passerte 50 000 artiklar. Vi gratulerer!
- 21. februar 2006: Nynorsk Wikipedia passerte 14 000 artiklar med «Koarktasjon», skriven av Ekko.
- Det blei arrangert Wikipedia-akademi i Göttingen 16.-17. juni
- 6. februar 2006: Bokmålswikipediaen passerte 50 000 artiklar. Vi gratulerer!
[endre] Januar
- 3. januar 2006: Nynorsk Wikipedia passerte 13 000 artiklar med «Stavingsutlyd» laga av Trondtr.
[endre] 2005
[endre] November 2005
- 17. november 2005: Nynorsk Wikipedia passerte 12 000 artiklar med «Frekvens», påbyrja av Roger.
[endre] Oktober 2005
- 25. oktober 2005: Bokmålswikipediaen passerte 40 000 artiklar. Vi gratulerer!
- 18. oktober 2005: Jimmy Wales, ein av grunnleggarane av Wikipedia; kritiserte Engelsk Wikipedia for å publisere artiklar med for dårleg kvalitet. (www.itavisen.no )
- 5. oktober 2005: Nynorsk Wikipedia runda 11 000 artiklar med «Peptid».
[endre] September 2005
- 30. september 2005: Nynorsk Wikipedia har no artiklar om alle land i verda!
[endre] August 2005
- 27. august 2005: Svensk Wikipedia passerte 100 000 artiklar. Vi gratulerer!
- 7. august 2005: Nynorsk Wikipedia passerte 10 000 artiklar med «Edvard Langset».
[endre] Juli 2005
- 22. juli 2005: Svensk Wikipedia passerte 90 000 artiklar. Vi gratulerer!
- 11. juli 2005: Wikipedia passerte 2 millionar artiklar, alle språka sett under eitt.
- 11. juli 2005: Wikipedia på mest bokmål passerte 30 000 artiklar. Vi gratulerer!
- 10. juli 2005: Nynorsk Wikipedia passerte 9 000 artiklar med «Hermione Granger».
[endre] Juni 2005
- 9. juni 2005: Dansk Wikipedia passerte 25 000 artiklar. Vi gratulerer!
- 8. juni 2005: Svensk Wikipedia passerte 80 000 artiklar. Vi gratulerer!
- 7. juni 2005: Alle grunnstoffa har nå minst ein spireartikkel. Godt jobba!
- 2. juni 2005: Nynorsk Wikipedia passerte 8 000 artiklar med «Rosin».
[endre] Mai 2005
- 14. mai 2005: Bokmålswikipediaen passerte 25 000 artiklar. Vi gratulerer!
- 13. mai 2005: Svensk Wikipedia passerte 75 000 artiklar. Gratulerer!
- 13. mai 2005: Med Tsjuvasjia av Verdlanco får Nynorsk Wikipedia artikkel nummer 7000!
[endre] April 2005
- 30. april 2005: Nynorsk Wiktionary har opna! Kom og hjelp til og skriv ordboksider!
- 27. april 2005: Finsk Wikipedia passerer 20 000 artiklar med artikkelen «Feeniks». Vi gratulerer!
- 23. april 2005: Nynorsk Wikipedia går forbi 6 000 artiklar med Hellbillies.
- 17. april 2005: Dei eldste spirene på nynorsk wikipedia har vakse seg ut av kategorien sin, og me tek eit vemodig farvel med Kategori:Stubbar 2004-10.
- 7. april 2005: Yahoo vert vert for Wikimedia-innhaldet. Selskapet gjer dette som ein gåve til organisasjonen. (Wikimedia)
- 6. april 2005: Nynorsk Wikipedia passerer 5000 artiklar og er dermed oppe i den halve myriaden.
- 1. april 2005: Encyclopædia Britannica har overraskande teke over Wikipedia. Nytt namn vil vera Wikipædia. Encyclopædia Britannica tek over
- 1. april 2005: Ein eigen riksmålswikipedia starta opp i dag. Den ligg allereie ute på nr.wikipedia.org.
[endre] Mars 2005
- 26. mars 2005: Ver med på ein liten gisseleik: Kva dato får me artikkel nummer 10.000?
- 25. mars 2005: Nynorsk Wikipedia får eit ansiktsløft med eit design inspirert av Wikipedia på engelsk og fleire nye bolkar på framsida. Som eit viktig steg i skandinavisk wikipediasamarbeid får utvalde artiklar frå wikipediane på dei fire skandinaviske skriftspråk ein plass på framsida. Me har òg fått ein nyhende-bolk.
- 21. mars 2005: Den norske no-wikipediaen har passert 20 000 artiklar!!
- 18. mars 2005: Den engelske wikipediaen har passert ein halv million artiklar!
- 14. mars 2005: Nynorsk Wikipedia passerer 4000 artiklar og er dermed oppe i 80% av den halve myriaden.c
- 9. mars 2005: [Målform på no/nb.wikipedia]: Røystinga om kva målform no/nb.wikipedia skal ha er starta. Når den er over skal ein røyste over kva namn den skal ha i framtida.
[endre] Februar 2005
- 16. februar 2005: Nynorsk Wikipedia passerer 3000 artiklar! Vi gratulerer oss sjølve og rettar blikket mot dei 5000 i løpet av våren.
[endre] Januar 2005
- 15. januar 2005: Wikipedia-dagen: Wikipedia er no fire år gammal.
- 11. januar 2005: Nynorsk wikipedia har no over 2000 rettelege artiklar. Me gratulerar oss sjølve og set oss nye, høge mål.
[endre] 2004
[endre] Desember 2004
[endre] November 2004
- 20. november 2004: Wikipedia på engelsk rundar 400.000 artiklar!
- 17. november 2004: Svenska wikipedia passerer 50.000 artiklar. Vi gratulerer!
- 4. november 2004: Forslag på Wikipedia-l om rein bokmålswikipedia på nb.wikipedia.org av Verdlanco. La oss ta ein grundig diskusjon om dette på Wikipedia-diskusjon:Wikipedia på bokmål. Sjå og Wikipedia:Wikipedia på nynorsk for meir informasjon.
- 4.-5. november 2004: Det vert halden konferanse om Nynorsk innhald på Internett i regi av Nynorsk kultursentrum på Ivar Aasen-tunet, og Guttorm Flatabø reiser for å representera og fremja den nynorske wikipediaen. Sjå òg Wikipedia-diskusjon:Nynorsk innhald på Internett.
[endre] Oktober 2004
- 27. oktober 2004: Nynorsk wikipedia får sin 1000. artikkel, “Sauda”, og er dermed med blant dei 52 wikipediaene som til no har minst 1000 artiklar. Me satsar friskt og markerer viljen til å bli eit breitt oppslagsverk med den 1001. artikkelen, “Karnatisk musikk”.
- 23. oktober 2004: Nynorsk brukargrensesnitt lagt inn.
- 23. oktober 2004: Kom og bli med på eller start ulike wikiprosjekt. Desse er til for å samordna artiklar innan eitt emne som til dømes fylke og kommunar eller språk.
- 12. oktober 2004: Me gratulerer no.wikipedia.org med artikkel nummer 10 000!
[endre] September 2004
- 22. september 2004: Nynorskwikipediaen har fått sin eigen logo på plass: "Wikipedia - Det frie oppslagsverket".
- 20. september 2004: Wikipedia har no meir enn 1 million artiklar på meir enn 100 språk.
- 19. september 2004: I ein diskusjon på Wikipedia-l, ein av dei viktigaste mailinglistene til Wikipedia, vert nynorsk nemnd i ein diskusjon om koss ein skal stille seg til wikipedia på oppdikta eller daude språk som til dømes Klingon og Gotisk. Enkelte meiner at så lenge der er aktivitet, så burde kva språk som helst få sitt eige frie oppslagsverk. Ein annan brukar nemnde at nynorsk verken er særs oppdikta eller daudt (sjølv om han påstår at nynorsk er eigentleg er ein "kodifisering av søraustnorske rurale dialektar"), og han ga oss skrøyt for å ha klart å få til 528 artiklar på den korte tida me har vore aktive (vonar dei ikkje finn ut at 365 av desse er dato-malar :P). BjarteSorensen 10:58, 19 Sep 2004 (UTC)
- 19. september 2004: Det er oppretta ei epost-liste for generell diskusjon vedrørande nynorske Wikimedia prosjekt.
Gå til http://mail.wikipedia.org/mailman/listinfo/wikinn-l for å melde dykk på.--Dittaeva 15:37, 19 Sep 2004 (UTC)