Sauda
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1135 |
Fylke: | Rogaland |
Administrasjonssenter: | Sauda |
Flatevidd: | 513 km² |
Folketal: | 4 769 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.sauda.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Laura Seltveit (Ap) 2003-2007 |
Sauda er ein by og kommune i Rogaland. Kommunen grensar til Etne i nordvest, Odda i nord og aust, Suldal i aust og sør og til Vindafjord i vest. Namnet Sauda stammar frå ordet «Syda» som tyder «koka» eller «fossa». Sauda er òg namnet på den største tettstaden i kommunen, og kommunen har vedteke at tettstaden er ein by. Sauda er kjend som ein industristad, med Sauda Smelteverk som største arbeidsgjevar.
Innhaldsliste |
[endre] Industrikommune
Sauda er ein industrikommune og fungerer som regionssenter i Indre Ryfylke. Mesteparten av innbyggjarane bur i Sauda sentrum og rundt Saudasjøen.
Næringsverksemda er bygd opp rundt tungindustri og vasskraft. Sauda er mellom anna hovudsentral for Statkraft region sør, som kontrollerer straumnettet i heile Noreg sør for Trondheim. Franske Eramet driv smelteverk i Porsgrunn og Sauda. Sauda Smelteverk står for ein stor del av verdproduksjonen av legeringa FeMangan.
Kommunen har ein god infrastruktur med mange skular og god barnehagedeknad. Innan helse og sosialstruktur er det mellom anna to legesentre, to eldresentre, eit sjukehus (Sauda Sjukehus), krisesenter for kvinner i Ryfylke, barnevern og mange omsorgsboligar. I sentrum er det butikkar som dekker dei aller fleste behov. Det er òg fire bankar, postkontor og ei rekke offentlege kontor som Aetat og likningskontoret.
Sauda har som mål å utvikla fritidstilboda, mellom anna idrett. I kommunen finst det mellom anna alpintsenter, skytebane, langrennsarenaer, hoppbakke, crossbane, stadion, hall for fotball, håndball og andre idrettsarrangement, laugehall og sumaråpent utebasseng. Ein gang i året blir det også arrangert eit stort lanparty i Saudahallen.
[endre] Historie
Det er gjort arkeologiske funn i Saudasjøen som viser at plassen har vore busett siden den siste istida. Lokalhistoria er uklar og dårleg dokumentert på det som har hend før 1800-talet. Etter den vanskelege mellomalderen byrja det å blomstre i Sauda. Langs heile fjorden blei det bygd sager som gjekk på fossekraft. Storproduksjon av tømmer blei satt igong, og store seglskip frå heile verda seila inn fjorden for å hente varer. Våren 2005 blei ein gamal og nedsunken kai oppdaga under vassoverflata rett ved Sagfossen i Sønnahavn. Ved sida av kaien låg ein stor haug med ballaststein som skipa hadde kvitta seg med. Det ryktes også at vraket av eit stort seglskip ligg i bukta ved sida av fossen, men der har ingen dykka endå. På 1800-talet starta gruvedrifta i Allmannajuvet. Her blei det tatt ut store mengder sink mellom 1881 og 1899. På den smale gruvevegen blei malmen frakta ned til Sauda, som den gong hadde fleire innbygjerar enn byar som Stavanger og Sandnes i Stavanger Amt. I årevis har Sauda kommune arbeida for å få liv i det historiske gruvemiljøet. Allmannajuvet er nå velplassert i prosjektet Noregs Nasjonale Turistveger, og ein del av dei gamle bygningane som tidlegare stod der skal gjenreisast. Tross både tømmer og gruvedrift, starta ikkje den verkelege industrialiseringa i Sauda før ut på 1900-talet då bygjinga av Sauda Smelteverk tok til. Store bygningar ble reist, og stedet utvikla seg raskt til å bli ein liten by. Under annen verdskrig bygde tyske Nordag eit stort aluminiumsverk i Saudasjøen, men produksjonen ble ikkje satt igong før i 1944. Industribygningane og jernbanespora mellom Sauda og Saudasjøen ble seinere revne av Sauda kommune.
[endre] Verd å vitja
Mange turistar kjem langveisfrå for å ta bilete av det gamle smelteverket. Om sumaren er det mogleg å få omvising i dei gamle sinkgruvene i Almannajuvet. Sauda har òg vakre friluftsområde, som Tangen, mellom sentrum og verket.
Tveittunet i Saudasjøen.
[endre] Kjende saudabuar
- Reidar Brendeland, vokalist i Vestlandsfanden
- Bjørn Eidsvåg, prest og musikar, ofte kalla "rockeprest"
- Kjartan Fløgstad, forfattar
- Magnar Birkeland, artist kjend frå Valen TV som "Panser Magnar".
- Grethe Svendsen, artist
- Halsnes brødrene, kjende alpinistar som gjorde stor suksess på 1970-talet.
[endre] Lenkjer ut
- Sauda kommune
- Sauda.org
- Sauda Ferie & Fritid
- Sauda Gathering
- Sauda Backcountry Challenge
- Kultur i Sauda på kart frå Kulturnett.no
[endre] Litteratur
- Arnvid Lillehammer: Soga om Sauda Bygdesoga 1880-1940, Sauda 2002.
- Soga om Sauda. Bygdesoga før 1880, Sauda 1991
|