Zenne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zenne | ||
|
||
Utspring | Soignies | |
Munning | Dijle | |
Tilknytta land | Belgia | |
Lengd | 103 km | |
Renn gjennom | Brussel |
Zenne (eller Senne på (fransk) er ei lita elv som renn gjennom Brussel, og er ei av sideelvene til Dijle. Ho har sitt utspring i kommunen Soignies, og endar til slutt opp i Schelde via Dijle og Rupel). Woluwe er ei av sideelvene til Zenne. Den totale lengda hennar er 103 km.
I sentrum av Brussel vart Zenne totalt bygd over på 1800- og 1900-talet. Ho er derimot framleis synleg i utkanten og utafor byen.
Ein gullfarga Iris vart brukt som emblem for Hovudstadsregionen Brussel, sidan ho vaks i dei myrlendte slettene rundt elva.
Zenne er kjend for å vere ei av dei mest forureina elvene i Belgia, sidan avløpsvatn frå Brussel går ureinska ut i elva. Dette problemet skal derimot løysast i nær framtid sidan eit kloakkreinseanlegg er under bygging.
Ein unik gjærsopp som veks i Zennedalen vert brukt i produksjonen av ølsorten Lambic.