Åland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åland (fi. Ahvenanmaa, «Abborlandet»), er eit sjølvstyrande øyrike i Finland. I Finland vert Åland rekna både som eit len og eit landskap. Det har over 6 500 øyar som ligg inst i Austersjøen, mellom Sverige og Finland. Dei om lag 26 000 innbyggjarane er svenskspråklege. Hovudstaden og den einaste byen på Åland heiter Mariehamn og ligg på den største øya, Fasta Åland.
Sjølv om Åland ligg nærare Sverige både språkleg og geografisk, vart øyriket sett på som finsk då Finland sa seg sjølvstendig i 1917. Medan finsk nasjonalisme voks på fastlandet, blei ålendingane meir stolte av å vera svenske. Dei aksjonerte for å bli ein del av Sverige, og Finland svara med å byda dei autonom status i republikken. Konflikten er ein av dei få som vart løyste av Folkesambandet, som sa at Åland skulle verta ein autonom region i Finland, men at kulturen og språket deira måtte vernast. For å halda Åland ålandsk har øyane til dømes strenge reglar om kven som kan kjøpa og eiga land der. Samtidig gjorde ein internasjonal avtale øyriket til eit nøytralt og demilitarisert område.
Landskap i Finland |
Birkaland / Pirkanmaa | Egentliga Finland / Varsinais-Suomi | Kajanaland / Kainuu | Kymmenedalen / Kymenlaakso | Lappland / Lappi | Mellersta Finland / Keski-Suomi | Mellersta Österbotten / Keski-Pohjanmaa | Norra Karelen / Pohjois-Karjala | Norra Savolax / Pohjois-Savo | Norra Österbotten / Pohjois-Pohjanmaa | Nyland / Uusimaa | Päijänne-Tavastland / Päijät-Häme | Satakunda / Satakunta | Södra Karelen / Etelä-Karjala | Södra Savolax / Etelä-Savo | Södra Österbotten / Etelä-Pohjanmaa | Tavastland / Kanta-Häme | Åland / Ahvenanmaa | Österbotten / Pohjanmaa | Östra Nyland / Itä-Uusimaa |
Finlands len | Finland |