Åsgardsreia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Åsgardsreia, Oskoreia eller berre Reia er ein flokk av troll og daude folk frå norsk folketru. På svensk blir ho kalt Odens hundar eller Odens jakt, og har altså noko samband til æsene frå norrøn gudetru.
Ein meinte at følgjet herja når det var mørkt, særleg rundt juletider. Då bråkte dei rundt omkring og kunne ta med seg både mat og ting, folk og dyr. Dersom Oskoreia hadde vore i nærleiken kunne ein venta seg slosting, drap og sjølvmord, medan ein som hadde sett henne kunne tolka det som at han snart skulle døy.
Sjølv om det var om å gjera å ikkje få auge på Reia, var det mange som kunne skildra henne. Det var ofte sagt at Guro Rysserova leia følgjet, men Tostein Langbein, med lang nase og bein, er òg nemnd som leiar. Daudingane som var med var ofte ugjerningsmenn, som tjuvar, mordarar og sjølvmordarar.
Åsgardsreia er i slekt med den ville jakta som ein trudde på i store delar av Europa.