Øya Bømlo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øya Bømlo eller Bømmeløy er den største øya i Bømlo herad (171 km2) i Sunnhordland sørvest i Hordaland. Kulleseidkanalen deler øya i ein norleg del med store nakne myrar og ein sørleg del som er frodigare. På Bømlo ligg tettstadene Svortland, Rubbestadneset, Foldrøyhamn, Langevåg og Melandsvågen og den nedlagde ferjekaia Siggjarvåg. Bruer knyt øya saman med andre øyar i heradet, som Moster, Goddo, Hiskjo, Aga og Spissøy.
Fjellet Siggjo (474 moh.) ligg på øya. Det har med sin særmerkte formasjon vore eit kjent innseglingsmerke.
Namnet Bømlo kjem av norrønt Bymbil som skal kome frå ordet «bembel», navle eller mage. I denne samanhengen er det truleg meint i tydinga tjukk, uppsvollen som spelar på formasjonen på Siggjo.