Siggjo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siggjo er med sine 474 m.o.h. det høgste fjellet i Bømlo kommune og ligg på øya Bømlo. Fjellet har ein karakteristisk fasong, er synleg frå store delar av Sunnhordland og er attkjennande frå langt til havs. Siggjo har difor vore eit kjent innsiglingsmerke. Frå toppen kan ein sjå frå Folgefonna i aust til Haugesund i sør.
Fjellet er eit populært turmål, og det er gode vegar og stigar som fører til toppen.
Siggjo har kome til ved vulkansk aktivitet, og i fjellsida finst det mykje av bergarten rhyolitt. Rhyolitten vart i steinalderen broten ut og bruka til å laga reiskapar av.