14. desember
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
14. desember er den 348. dagen i den gregorianske kalenderen (349. under skotår). Det er 17 dagar att av året.
Innhaldsliste |
[endre] Merkedag
[endre] Nasjonaldagar og nasjonale ikkje-religiøse flaggdagar
[endre] Fast religiøs helgedag
- (Helgedagar som følgjer måneåret i kristendommen (t.d. påske og pinse), jødedommen og islam er ikkje medtekne her, ettersom desse fell på ulik gregoriansk dato frå år til år.)
[endre] Namnedag
Noreg | Stein og Steinar |
Sverige | Sten og Sixten |
Danmark | Crispus |
[endre] Helgendag i den katolske kyrkja
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
- 1819: Alabama blei den 22. delstaten i USA.
- 1900: Kvantefysikken blir rekna for å ha blitt til då Max Planck la fram sin strålingslov.
- 1902: Den første telegrafkabelen blei lagt under Stillehavet.
- 1927: Irak fekk sjølvstende frå Storbritannia.
- 1939: Sovjetunionen blei utvist frå Folkeforbundet.
- 1946: Generalforsamlinga i SN vedtok å leggja hovudkvarteret sitt til New York.
- 1981: Israel annekterte Golanhøgda.
- 1989: Chile haldt det første frie valet på 16 år. Patricio Aylwin blei vald som president.
[endre] Noreg
- 1773: Stiftinga av Norges geografiske oppmåling, seinare Statens Kartverk.
- 1911: Roald Amundsen blei det første mennesket som nådde Sørpolen.
[endre] Fødde
- 1503: Nostradamus, fransk astrolog og matematikar
- 1546: Tycho Brahe, dansk astronom
- 1824: Pierre Puvis de Chavannes, målar
- 1870: Karl Renner, austerriksk politikar og president
- 1890: Sigurd Hoel, norsk forfattar
- 1896: Kong George VI av Storbritannia
- 1914: Karl Carstens, tysk politikar og president
- 1936: Arve Tellefsen, norsk fiolinist
[endre] Døde
- 1124: Pave Callixtus II
- 1542: Jakob V av Skottland
- 1788: Karl III av Spania
- 1799: George Washington, første presidenten av USA
- 1952: Fartein Valen, norsk komponist
- 1989: Andrei Sakharov, russisk fysikar