George Washington
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
President i USA | 30. april 1789–4. mars 1797 |
Føregjengar | Ingen |
Etterfylgjar | John Adams |
Fødd | 22. februar 1732 i Westmoreland County i kolonien Virginia |
Død | 14. desember 1799 i Mount Vernon i delstaten Virginia |
Gift med | Martha Washington |
Barn | Ingen |
Gravlagd | Mount Vernon i delstaten Virginia |
Parti | Føderalistpartiet i USA (1793-97) |
George Washington (fødd 22. februar 1732, død 14. desember 1799) var ein plantasjeeigar, militær leiar og politikar i USA. Han var den fyrste presidenten i USA frå 1789 til 1797.
[endre] Oppkalla etter George Washington
Hovudstaden i USA, Washington, DC, er oppkalt etter han. District of Columbia vart oppretta gjennom et vedtak i kongressen i 1790. Washington var mykje med på opprettinga, irekna plassering av det kvite huset. Washington-monumentet er eit av dei mest kjende landemerka i byen og vart bygd til ære for han. Universitetet George Washington University vart oppkalla etter han. Det økonomiske grunnlaget for universitetet var mellom anna aksjar som George Washington hadde gjeve for å oppretta eit nasjonalt universitet i byen.
Delstaten Washington ligg nord i USA på Stillehavskysten. Han er den einaste delstaten som er oppkalla etter ein president.
Washington valde West Point i New York til stad for det militærakademiet i USA. Marienen i USA, US Marines, har oppkalla tre skip etter president Washington.
Andre døme inkluderer George Washington Bridge, som går mellom New York City og New Jersey.
Føregjengar: |
President i USA |
Etterfylgjar: John Adams |
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |