Nauru
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: God's Will First (Guds vilje fyrst) | |||||
Offisielle språk | Engelsk og naurisk | ||||
Hovudstad | Ingen offisiell hovudstad1) | ||||
Styresett |
Republikk Ludwig Scotty |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
21 km² (192.) 0 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
13 005 (220.) — 621/km² (13.) |
||||
Sjølvstende frå Australia |
31. januar 1968 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
60 millionar USD (224.) 5 000 USD (132.) |
||||
Valuta | Australsk dollar | ||||
Tidssone | UTC +12 | ||||
Nasjonalsong | Nauru Bwiema | ||||
Nasjonaldag | 31. januar | ||||
Internasjonal telefonkode | +674 | ||||
Nasjonale toppdomene | .nr | ||||
1) Yaren er den største busetninga, og anarkjent av SN som hovuddistrikt. |
Republikken Nauru, tidlegare kjend som Pleasant Island, er ein øyrepublikk i det sørlege Stillehavet. Det er eit av verdas minste land både når det gjeld innbyggjarar og areal, og verdas minste republikk. Når det gjeld areal er det òg verdas minste ikkje-europeiske land.
Innhaldsliste |
[endre] Etymologi
Opphavet til namnet «Nauru» er ukjent. Då øya vart oppdaga, kalla innbyggjarane den, som dei framleis gjer i dag, «Naoero». Tyske Paul Hambruch, som besøkte øya i mai 1909 og frå september til november 1910, ga forklaringa om at «Naoero» var eit samandrag av setninga «A-nuau-A-A-ororo» (i dag ville det vorte skrive «A nuaw ea arourõ»), som vert omsett med «eg går til stranda». I det tyske kolonileksikonet vart denne forklaringa brukt. Misjonær Alois Kayser avviste at dette var sannsynleg – han hadde budd på øya i over tretti år, og heile tida jobba med språket – fordi det nauriske ordet for «strand», som eit mål for eit verb om rørsle, ville trenge ordet rodu «nedover (til)»; nauruarane ser på stranda som det lågaste punktet på øya. Det faktum at «rodu» manglar i Hambruch si ordforklaring gjer at dette er ein usannsynleg tolking av namnet «Nauru».
Øya har òg hatt andre namn: dei engelske koloniherrane før 1888 kalla øya for Pleasant Island eller Shank Island, og dei tyske koloniherrane kalla den Nawodo eller Onawero. Namnet «Nauru» vart seinare skapt frå namnet «Naoero» slik at europearar og amerikanarar skulle kunne uttale namnet rett.
[endre] Geografi
Nauru er ei koralløy i Stillehavet. Den er ein typisk atoll på eit gamalt vulkankrater. Korallbasen som Nauru ligg på har røter rundt 2000 meter under havoverflata, og når cirka 61 meter over havet. Dette høgste punktet er langs kanten av platået, aust i Aiwo; denne kanten kallast Command Ridge. Samanlikna med andre atollar har Nauru ei veldig lita lagune. Ein kilometer frå øya er sjødjupnda allereie på 1000 meter. I øya sitt indre var øya nesten heilt dekka av fosfat (nauruit), forma av fugleekskrement. Rundt 2 km² av øya består av skog. Nauru sitt maritime krav er 200 nautiske mil eksklusiv fiskesone, og 12 nautiske mil territorialsjø.
På grunn av Nauru si beliggenheit rett sør for ekvator, ligg temperaturen rundt 27,5 °C heile året. Jordbruk er vanskeleg på grunn av den porøse kalksteinen, sidan vatnet forsvinn veldig raskt.
Nauru er direkte berørt av den globale oppvarminga, sidan øya kan synke om havnivået stig ytterlegare. Nauru har påpeika dette fleire gongar i FN, og krev møte med USA og andre industriland.
[endre] Distrikt
Nauru er delt inn i 14 distrikt:
|
|
[endre] På verdsveven
- Sydhav.no om Nauru
- Om Nauru frå Pacific Islands Legal Information Institute
- "Paradise well and truly lost", The Economist, 20. desember 2001
- "Nauru Island: Far Side Of Paradise", Albion Monitor, 26. april, 2003
- Secretariat of the Pacific Community - Official site of the Pacific Community
- CIA World Factbook - Informasjon og statistikk
- The Nauru Constitution
- Country Profile BBC News
- CenPacNet, the country's Internet service provider
- Yahoo! Travel Informations Nauru
- Jane's Nauru Home Page
- Radio program "This American Life" featured a 30-minute story on Nauru"
- Consular Information Sheet
Land i Oseania |
Australia | Fiji | Kiribati | Marshalløyane | Mikronesiaføderasjonen | Nauru | New Zealand | Palau | |