5261 Eureka
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppdaging A | |
---|---|
Oppdaga av | David H. Levy |
Oppdaga dato | June 20 1990 |
Alternative namn | 1990 MB B |
Kategori | Mars-kryssande asteroide |
Baneelement C Epoch 14. juli 2004 (JD 2453200,5) |
|
Eksentrisitet (e) | 0,065 |
Store halvakse (a) | 227,908 mill. km (1,523 AE) |
Perihel (q) | 213,132 mill. km (1,425 AE) |
Aphel (Q) | 242,684 mill. km (1,622 AE) |
Omløpsperiode (P) | 686,829 d (1,88 år) |
Gjennomsnittleg banefart | 24,13 km/s |
Banehelling (i) | 20,280° |
Lengda til oppstigande knute (Ω) |
245,108° |
Perihelargument (ω) | 95,361° |
Gjennomsnittleg anomali (M) |
104,086° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | ukjend |
Masse | ukjend |
Tettleik | ukjend |
Overflategravitasjon | ukjend |
Unnsleppingsfart | ukjend |
Rotasjonsperiode | ukjend |
Spektralklasse | ukjend |
Absolutt magnitude | 16,1 |
Albedo | ukjend |
Gjennomsnittleg overflatetemperatur |
~225 K |
5261 Eureka blei oppdaga frå Palomarobservatoriet 20. juni 1990 og visa seg å vera den fyrste kjende trojanske asteroiden til planeten Mars. Han fylgjer Mars (i L5-punktet) på ein avstand som kun varierer med 0,3 AE for kvart omløp (med ein sekulær trend oppå dette som endrar frå 1,5-1,8 AE rundt 1850 til 1,3-1,6 AE rundt 2400). Minimumsavstanden frå jorda, Venus og Jupiter er henholdsvis 0,5, 0,8 og 3,5 AE.
Berekningar over lengre tidsperspektiv visar at banen er stabil. Kimmo A. Innanen og Seppo Mikkola poengterer at «motsett av det ein skulle tru er det klare empiriske bevis på stabilitet på rørsla rundt L4- og L5-punkta til alle dei terrestriske planetane i ei tidssamanheng på fleire millionar år».
Sidan da har andre marstrojanarar blitt identifisert, nemlig 1999 UJ7 på L4-punktet og 1998 VF31, 2001 DH47, 2001 FG24, og 2001 FR127 ved L5-punktet. Dei ko-orbitale 1998 QH56 og 1998 SD4 har ikkje i lagnaden sin å forbli trojanarar, dei vil bli avbøygde frå Mars i løpet av dei neste 500 000 åra.