Adár
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
det jødiske året |
![]() |
1 nisán 2 ijjár 3 siván 4 tammúz 5 ab 6 elúl 7 tisjré 8 hesjván 9 kislév 10 tebét 11 sjebát 12 adár |
|
juliansk gregoriansk muslimsk Bahá’í |
Adár (hebraisk אֲדָר [ădár], frå akkadisk adaru) er den tolvte månaden i det jødiske året i den sivile kalenderen, den sjette i den religiøse. I jødiske skotår legg ein til ein ekstra månad ved at ein doblar adár.
Adar er ein vintermånad med 29 dagar. I skotår blir det sett inn ein ekstra månad på 30 dagar før adár. Denne månaden blir kalla adár álef, adár risjón eller adár, og den vanlege adár blir då kalla adár bét, adár sjení eller adár II. Av og til blir adár og veadár nytta i staden for adár I og adár II.
Ein som er født i adár eit vanleg år ville i eit skotår ha fødselsdagen sin i veadár.
Dette leier fram til ei kjent jødisk gåte: Korleis kan to tvillingar født med berre nokre få minutts mellomrom ha sin bar misvá med 29 dagars mellomrom?
Svar: Det første barnet var født rett før soloppgang på den siste dagen av adár I, medan den andre tvillingen kom til rett etter soloppgang den første dagen av adár II. I eit vanleg år ville begge to ha fødselsdagen sin i adár, den andre tvillingen på den første dagen i adár, medan den første tvillingen ville feire sin fødselsdag den siste dagen i adár.
[endre] Heilagdagar i adár
- 14. adár - purím פוּרִים
![]() |
Denne artikkelen om jødedom er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over spirer om jødedom. |