Den gregorianske kalenderen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Månadene i den vestlege kalenderen |
![]() |
1 januar 2 februar 3 mars 4 april 5 mai 6 juni 7 juli 8 august 9 september 10 oktober 11 november 12 desember |
|
jødisk muslimsk bahá’í |
Den gregorianske kalenderen er den kalenderen vi bruker i Noreg i dag, og vart innført av pave Gregor XIII i 1582.
Denne kalenderen erstatta den julianske kalenderen som Julius Cæsar innførte i år 46 f.Kr.
Kalenderen skulle korrigere skeivskapen i den julianske kalenderen, som i løpet av åra hadde gjort at ingen av månadane samsvarte med årstidene lenger. Den julianske kalenderer var 0,0078 døgn lengre enn det tropiske året som årstidene følger, eller 11 minutt og 14 sekund. Eit tropisk år varar i røynda 365,24219878 dygn.
Den gregorianske kalenderen har derfor 365 dagar, pluss skotår kvart 4. år, bortsett frå år som er delelege på 100. År som er delelege på 400 er likevel skotår.
Det vil seie at år 1996 er skotår, 2000 er skotår, 2004 er skotår, men 2100 er ikkje skotår. Dette gjev ei årslengd på 365,2425, noko som gjev eit avvik frå det tropiske året på berre 3 dager per 10.000 år.
I Danmark og Noreg brukte vi den julianske kalenderen til søndag 18. februar 1700. Då «hoppa» kalenderen til måndag 1. mars, som var første dato etter at den gregorianske kalenderen var innført.
Romerkyrkja lot torsdag 4. oktober gå over til fredag 15. oktober.
På Island og Færøyane vart den nye kalenderen innført litt seinare, med at laurdag 16. november vart følgd av søndag 28. november.
Sverige (og derfor også Finland) forsøkte ein gradvis overgang. Planen deira var å utelete skotårsdagen i år 1700, deretter 7 dagar i november, deretter droppa skotårsdagen i 1704, 1708 og 1712. Dei gjennomførte det første trekket, men så vart det heile glemt. Kong Karl XII av Sverige måtte derfor i 1711 gjenopptaka arbeidet med å få orden på den svenske kalenderen. I 1712 gjekk svenskane tilbake til den julianske kalenderen, med å ha 30 dagar i februar. Først i 1753 gjekk dei over til den gregorianske kalenderen, med å hoppe frå 17. februar til 1. mars.