Andebu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0719 |
Fylke: | Vestfold |
Administrasjonssenter: | Andebu |
Flatevidd: | 186,14 km² |
Folketal: | 5 147 (2006) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.andebu.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Hans Hilding Hønsvall (Krf) 2003-2007 |
Andebu er ein kommune i Vestfold fylke. Namnet blir uttala «annebu», preposisjonen er 'i' («i annebu») og ein person frå Andebu (særs frå hovudsoknet) kallast «andebusokning».
Han ligg heilt i midten av Vestfold, kommunane rundt er Stokke i aust, Sandefjord i sør, Larvik i vest, Lardal i nordvest og Re i nord. Næraste tettstader er Tønsberg og Sandefjord.
Kommunen er prega av låge, bratte åsar og mye skog. Kommunen er delt i tre sokn, Høyjord i nord, Andebu i midten og Kodal i sør. Det er tre kyrkjer i kommunen: Andebu kyrkje, Høyjord kyrkje og Kodal kyrkje. Alle er frå mellomalderen, Høyjord kyrkje er ei stavkyrkje. Noregs eldste kyrkjebok (frå 1623) er frå Andebu.
Nasjonaliseringa av private teleselskap blei avslutta i 1974 da Televerket overtok det siste norske privateigde telefonselskapet. Dette låg i Andebu.
Innhaldsliste |
[endre] Utdanning
Andebu har 100% barnehagedekking. I 2005 er to barnehagar akkurat ferdigbygd. Andebu har nå litt overkapasitet i barnehagane, og har tatt inn ungar frå nabokommunane.
Andebu kommune har tre barneskolar, ein i kvart sokn: Andebu skole, Høyjord skole og Kodal skole. Dei tre siste åra i grunnskolen er alle på Andebu ungdomsskole. Andebu undomsskole blei ombygd i 2004-2005 for å møte høgare elevtal og moderne undervisningsmetodar. Det er ingen videregåande skolar i Andebu, elevane fordelar seg i staden hovudsakleg på dei videregåande skolane i Sandefjord, Tønsberg og Re.
Grendeskolen Torp skole blei i 2003 lagt ned på grunn av dårleg kommuneøkonomi, til stort vonbrot for lokalbefolkinga. Grendeskolen Gulli skole blei lagt ned på 1960-talet, men er no skolemuseum, ein av dei best bevarte grendeskolane i Vestfold.
[endre] Kultur
Vestfoldbunaden (både herre- og damevarianten) består hovudsakleg av draktelement funni i Andebu. Det er au fleire døme på rosemaling her, av den spesielle andeburosa. Av dei ca. femten forskjellige variantane av vestfoldteppet er over ti frå Andebu. Spesielt kjent er Døvleteppet.
Lagsarbeid står sterkt i kommunen, det fins over seksti organisasjonar frå idrettslag og ungdomslag til konjakkforening og «vedaomn på soverommet»-forening.
Tidlegare var det ein sterk munnleg tradisjon med fortellingar (mange segner og noen få eventyr). Denne er no i hovudsak utdøydd, men ein del historier blei skrivi ned i byrjinga av 1900-talet. Noen av desse er med i bygdeboka. Populære emne i fortellingane frå Andebu var ułæ (huldra) og trøll (troll), noe som er reflektert i stadnamn som Uleåsen, Ulevannet, Ulspipa, Trolldalen, Trollsås og Trollsvann.
[endre] Sjå au
- Dialekten i Andebu: Andebumål
- Høyjord stavkyrkje
[endre] Litteratur
- Andebu bygdebok, red. av dr. philos. Arne Gallis
- Andebu: en vestfoldbygds historie i 1600-aarene, «Lat os inkje forfederne gløyma», av Lorents Berg ISBN 82-993731-0-7
- Vestfoldmål: Ord og vendinger fra Andebu, av Ole Bråvoll (red. av Odd Gallis)
- Andebu kommunes historie: 1837–1991, av R. Berg & N. Grytnes
[endre] På verdsveven
- Kommunefakta (Vestfold) - frå Statistisk sentralbyrå
- Andebu kommunes heimesider
- Andebu ungdomslag
- Høyjord ungdomslag
- Kodal ungdomslag
- Andebu skole
- Kodal bygdeleksikon
- Kodal skole
- Høyjord skole
- Andebu ungdomsskole
|