Ankara
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ankara (tidlegare namn Angora og i antikken Ancyra) er hovudstaden i Tyrkia, og ha vore det sidan. Tidlegare var Konstantinopel (Istanbul) hovudstad i Det osmanske riket. Byen ligg i sentrale Anatolia. Den er òg hovudstaden i provinsen med same namn. Den hadde 3 582 000 innbyggjarar i 2003 og er den nest største byen i Tyrkia.
Byen kan førast attende til antikken, og var hovudstad i den romerske provinsen Galatia i det Romarriket frå år 25 fvt og seinare ein del av det Bysantinske riket. Fram til år 1073 var byen styrd frå Konstantinopel, med nokre få avbrot. Seldsjukk-tyrkarane erobra byen i 1073. Byen var erobra av Orhan i år 1356 og vart ein del av Det osmanske riket. I august i år 1402 stod slaget ved Ankara mellom den ottomanske sultanen Beyazit I av det osmanske riktet og mongolske Timur Lenk. Ankara vart hovudstad i Tyrkia etter den tyrkiske fridomskrigen i 1923.
Byen er er eit viktig industrielt og kommersielt senter og er sete for den tyrkiske regjeringa og nasjonalforsamlinga. Det er òg fleire universitet i byen.
Nemninga «angorakatt» på katterasen Balines har sitt utspring frå det eldre namnet på byen.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |