Belgisk geografi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Belgia ligg i Vest-Europa mellom Nordsjøen, Frankrike og Nederland. Belgia har ei flatevidd på 33 990 kvadratkilometer, og er delt inn i tre geografiske regionar: Kystsletta i nordvest, det sentrale platået og Ardennane i søraust. Kystsletta består hovudsakleg av sanddyner og dikelandskap. Dikelandskapet er landområde nær eller under havnivå, der ein held havet ute ved hjelp av diker, eller sletter som er drenert ved hjelp av kanalar. Det sentrale platået er eit jamnt område som sakte stig innover i landet, og har mange fruktbare dalar og er irrigert av mange vassvegar. Her finn ein òg meir kuperte område, inkludert grotter og små gjel.
Til slutt har ein Ardennane, som er meir kupert enn resten av landet. Det er eit tett og kupert skogområde, som ikkje egnar seg så godt til jordbruk. Området strekk seg inn i nordlege delar av Frankrike, og inn i Tyskland, der området heiter Eifel. Det er her ein finn det meste av dyrelivet i Belgia. Det høgaste punktet i Belgia, Signal de Botrange med 694 meter, ligg òg i dette området. Belgia har relativt få naturlege innsjøar, og ingen av dei er store.
Belgia deler grenser med Frankrike (620 km), Tyskland (167 km), Luxembourg (148 km) og Nederland (450 km). Den totale landegrensa er 1 482 km, i tillegg til 73,1 km med kystlinje. Belgia er tilnærma det geografiske midtpunktet i Vest-Europa, og alle dei store hovudstadane i Vest-Europa ligg innafor 1 000 km frå Brussel, som er hovudsetet for både EU og NATO. Frå søraust til nordvest er landet 280 km langt, og frå nordaust til sørvest 222 km.
Innhaldsliste |
[endre] Miljø
Belgia har store miljøproblem på grunn av tett folkesetnad og plasseringa sentralt i Vest-Europa. Ein rapport frå 2003 [1] tyder at vatnet i dei belgiske elvene har den lågaste kvaliteten i heile Europa, og det dårlegaste av dei 122 landa som ein undersøkte.
Naturfarar:
- flaum truar dikelandskapet på kysten, der betongdiker held havet ute.
Miljøproblem:
- Menneskeleg påverknad, som urbanisering, tette transportnettverk, industri, utbreidd dyreavl og dyrking av jorda, luft- og vassforrureining har òg følgjer for nabolanda
Miljøavtalar:
medlem av avtalar som omhandlar:
- Luftforureining (inkluder Svovel 85), Antarktisk miljøvernsprotokoll, Antarktisktraktaten, Biologisk mangfald, Klimaendringar, Ørkenspreiing, Utryddingstrua dyreartar, Miljømodifisering, Miljøfarleg avfall, Havrett, Dumping av miljøfarleg avfall til sjøs, Bevaring av sjøliv, Forbod mot atomprøvesprenging, Vern av ozonlaget, Skipsforureining, Tropisk tømmer (83 og 94), Våtmarksområde
signert, men ikkje stadfesta:
- Luftforureining (nitrogenoksid og vedvarande organsiske forureinande stoff, svovel 94, flyktige organiske stoff), Kyoto-avtalen
[endre] Ymse fakta
Totalareal: 33 990 km²
land: 30 528 km²
vatn: 250 km² (estimert)
sjø: 3 462 km²
Maritime krav:
kontinentalsokkel: midtlinje mellom nabolanda
einerett til fiskesone: midtlinje mellom nabolanda (strekk seg 68 km frå kysten)
sjøterritorium: 12 nautiske mil
Elvelengder i Belgia
Klima: Maritimt; milde vintrar, kjølege somrar; regnfult, fuktig og skya
Terreng: flat kystlsette i nordvest, sentralt åslandskap, skogkledde åsar og dalar i Ardennane i søraust.
Naturressursar: kol
Arealbruk:
dyrkande jord: 28 % (2000)
permanente avlingar: 1 % (2000)
permanente beite: 17 % (2000)
skogområde: 20 % (2000)
andre: 34 %
[endre] Klima
Belgia sitt klima er prega av mjuke overgongar. Vêret i Flandern er mykje likt vêret i Nederland med kjølege vintrar og milde somrar (særleg viss ein flyttar seg til indre strøk), og alle årstider har forholdsvis ofte regn, men sjeldan særleg intenst. Sørover og inn i Vallonia vert klimaet meir kontinentalt med litt kjølegare vêr om vinteren og eit par dagar mindre med nedbør. Snø er ikkje uvanleg frå november til april. Skilnadane mellom nord og sør er likevel små. Det høgare området i Belgia, kalla Ardennane, er i snitt 2-3 ºC kaldare enn resten av Belgia. Mesteparten av Ardennane, særleg Hautes Fagnes, er meir skya og får omlag 300 mm meir nedbør i året enn områda i nord og vest.
Brussel får regn omlag annankvar dag i snitt, om sommaren meir regnbygeprega og på vinteren meir i form av yr. Brussel sin nedbørsnormal er 855 mm i året. Belgia har sjeldan ekstreme temperaturforhold verken sommar eller vinter, og temperaturen i Brussel går frå omlag -17ºC om vinteren til 37ºC om sommaren i dei mest ekstreme tilfella.
[endre] Geografiske ytterpunkt
- Nordlegaste punkt — Dreef i kommunen Hoogstraten i provinsen Antwerpen
- Sørlegaste punkt — Torgny i kommunen Rouvroy i provinsen Luxembourg
- Vestlegaste punkt — De Panne i Vest-Flandern
- Austlegaste punkt — Krewinkel i kommunen Büllingen i provinsen Liège
- Høgaste punkt — Signal de Botrange (694 m)
- Lågaste punkt — Nordsjøen (0 m)
[endre] Provinsar i Belgia
- Antwerpen: 2 867 km2
- Aust-Flandern: 2 982 km2
- Flemish Brabant: 2 106 km2
- Hainaut: 3 786 km2
- Liège: 3 862 km2
- Limburg: 2 422 km2
- Luxembourg: 4 440 km2
- Namur: 3 666 km2
- Walloon Brabant: 1 091 km2
- Vest-Flanders: 3 144 km2
29. mai 2000 fekk Belgia 2 000 m2 av Nederland, eit lite stykke land i Zelzate langs Gent-Terneuzen-kanalen.
[endre] Byar
[endre] Fotnotar
[endre] Kjelder
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Geography of Belgium frå Engelsk Wikipedia.
|
|||
---|---|---|---|
Albania • Andorra • Armenia • Austerrike • Aserbajdsjan2 • Belgia • Bosnia-Herzegovina • Bulgaria • Danmark • Estland • Finland • Frankrike • Georgia1 • Hellas • Irland • Island • Italia • Kazakhstan1 • Kroatia • Kviterussland •Kypros2 • Latvia • Liechtenstein • Litauen • Luxembourg • Republikken Makedonia • Malta • Moldova • Monaco • Montenegro • Nederland • Noreg • Polen • Portugal • Romania • Russland1 • San Marino • Serbia • Slovakia • Slovenia • Spania • Storbritannia • Sveits • Sverige • Tsjekkia• Tyrkia1 • Tyskland • Ukraina • Ungarn | |||
Biland, sjølvstyre og andre landområde Abkhazia1 • Adjara1 • Akrotiri og Dhekelia • Færøyane • Gibraltar • Guernsey • Krim • Isle of Man • Jersey • Kosovo • Nagorno-Karabakh1 • Nakhitsjevan1 • Åland |
|||
1Har større område i Asia. 2Ligg i Vest-Asia, men vert rekna inn under Europa på grunn av kulturelle, politiske og historiske årsaker. |