Biologi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biologi er læra om organismar og den levande naturen.
[endre] Historie

Allereie Aristoteles organiserte kunnskap om dyr, plantar og leveviset deira. Teoriane hans heldt seg ganske uendra i fleire hundre år.
Eit viktig neste steg var å finna ut at biologiske vesen var bygde opp av celler. Desse kunne ein først studera på 1600-talet med oppfinninga av mikroskop, men det var først i 1839 at Theodor Schwann og Matthias Jakob Schleiden utvikla celleteorien som sa at celler er grunnsteinen til alt biologisk liv.
På 1800-talet utvikla Darwin utvklingslæra, om korleis ulike organismar har utvikla seg frå ein felles stamart tilpassa miljøet dei lever i.
Oppdaginga av DNA på 1900-talet førte til eit nytt kvantesprang for biologien. Ho gjorde at ein kunne forstå og påverka arv og utvikling mykje betre.
[endre] Retningar innan biologi
[endre] Kjende biologar
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |