Bjørk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørk (latinsk namn Betula) er ei slekt i bjørkefamilien. Slekta har om lag 60 artar. Nokre av desse er vanlege lauvtre i Noreg, der ein finn som dvergbjørk, fjellbjørk og hengebjørk.
Blada er middels til lysegrøne, og vert gule om hausten før dei fell av. Blomane sit i rakler og trea har oftast kvit bork. Allergi mot bjørkepollen er vanleg.
Innhaldsliste |
[endre] Bruk

I Skandinavia blir nye skot hos bjørka gjerne sett på som eit teikn på våren, og det er vanleg å pynta med slike greiner på den norske grunnlovsdagen.
[endre] Som trevyrke
Bjørkeved er middels tungt, hardt og seigt blant tresortane våre. Dei ulike bjørkesortane gjev temmeleg likt vyrke. Treet kan lett bli skada av fukt, og må vølast før det blir brukt utandørs. Vyrket er derimot godt eigna til å laga møbel, golv, finér og mindre ting av tre. Bjørk blir òg mykje brukt til å laga papirmasse og til fyringsved.
[endre] I matlaging
Blada til bjørka kan nyttast som smaktilsetjing både ferske og tørka, og kan brukast blant anna på poteter. Lauvet, som inneheld ein særs høg konsentrasjon av glukose på våren kan då nyttast til å laga ein søtleg og smakfull te.
Mange legg bjørkepinnar nedst i gryta når dei dampkokar pinnekjøt.
Søtstoffet xylitol blir gjerne utvunne av bjørkeved.
[endre] På verdsveven
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |