Brijuni
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brijuni | |
---|---|
![]() Brijuni - Øya Brioni |
|
Geografi | |
Stad | Adriatarhavet |
Koordinatar | |
Totalt tal på øyar | 12 |
Store øyar | Veli Brijun |
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Istria |
Brijuni eller Brioni er ei gruppe av tolv små øyar i Adriatarhavet, som høyrer til Kroatia. På andre sida av Fažanasundet ligg halvøya Istria på vestkysten av Kroatia. Den største øya, Veli Brijun (5,6 km²), ligg 2 km utanfor kysten. Øyane er kjend for å vere svært naturskjønne og er ein feriestad og ein nasjonalpark i Kroatia.
[endre] Historie
Brijuni hadde fleire romerske busetnadar i antikken, men opp til seint på 1800-talet vart øyane stort sett nytta for steinbrota sine, som hadde vore i drift i fleire hundreår. Øyane høyrte til Venezia frå mellomalderen, og stein frå øyane vart brukt til å byggje palass og bruer i byen. Øyane vart ein del av Napoleon sine Illyriske provinsar.
I 1815 vart øyane ein del av Kongedømet Austerrike, som seinare vart Austerrike-Ungarn. Under denne perioden forsynte steinbrota på øyane stein til Wien og Berlin. Då det vart oppretta ein marinebase i hamna i Pula, førte austerrikarane opp ein solid festning på øya Brioni, i lag med mindre festningar på nokre av dei andre øyane.
Den austerriksk-ungarske marinen forlot festningen, og i 1893 kjøpte den wienske forretningsmagnaten Paul Kupelwieser heile halvøya og oppretta ein eksklusiv feriestad. Det vart bygd hotell av første klasse, restaurantar, strender, eit kasino, ein marina og området vart den framste feriestaden langs den austerrikske rivieraen. Kupelwieser oppretta og ein seglregatta, ein golfbane og fleire musikk- og litteraturhendingar. Øyane vart ein populær feriestad for den øvre klassen i Wien, og vart vitja av fleire i kongefamilien, den rike europeiske eliten og aristokratar.
I 1918, etter den første verdskrigen, vart Brioni ein del av Italia. Karl Kupelwiser, son av grunnleggjaren, prøvde å oppretthalde feriestaden, men etter den økonomiske krisa på 1920-talet, gjekk han konkurs og tok sjølvmord. I 1930 tok den italienske staten over driften av øyane.
I 1945, etter den andre verdskrigen, vart Brijuni ein del av Jugoslavia, og kommunistleiaren Josip Broz Tito, gjorde øyane om til sin personlege sommarresidens. Den slovenske arkitekten Jože Plečnik teikna ein pavilliong for Tito. Nesten 100 utanlandske statsleiarar vitja Tito på øyane hans, i tillegg til filmstjerner som Elizabeth Taylor, Richard Burton, Sophia Loren, Carlo Ponti og Gina Lollobrigida. Tito døydde i 1980, og i 1983 vart øyane erklært ein nasjonalpark av Jugoslavia.
I 1991 fekk Kroatia sjølvstende, og gjorde øyane om til eit internasjonalt konferansesenter. Fire hotell på Veli Brijun vart opna på nytt, i tillegg til ein safaripark, som inneheld dyr som vart gjeve til Tito. Den internasjonale poloturneringen, som går tilbake til Karl Kupelwieser si tid i 1924, vart gjenoppretta i 2004.
[endre] Kjelde
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Brijuni frå Engelsk Wikipedia.
[endre] Lenkjer ut
|
![]() |
---|---|
Istria: Brijuni | Crveni Otok | |
Kvarner: Cres | Dolin | Goli otok | Ilovik | Krk | Lošinj | Oruda | Prvić | Rab | Susak | Sveti Grgur | Sveti Petar | Trstenik | Unije | Vele Srakane | Veti Orjule | Zeca | |
Nord-Dalmatia: Dugi Otok | Gangarol | Ist | Iž | Jadra | Kakan | Kaprije | Kornaten | Kurba | Lavdara | Lavrnaka | Lavsa | Maun | Molat | Murter | Olib | Pag | Pašman | Planik | Premuda | Prvić | Riva | Sestrunj | Sliba | Škarda | Škrda | Tijat | Tramerka | Ugljan | Veli Arta | Veli Smokvica | Vir | Vrgada | Zlarin | Zmajan | Zverinac | Žirje | Žižanj | Žut | |
Sentral-Dalmatia: Biševo | Brač | Brusnik | Budihovac | Čiovo | Hvar | Mali Drvenik | Ravnik | Stipanska | Svetac | Sveti Klement | Šcedro | Veli Drvenik | Vis | |
Sør-Dalmatia: Badija | Crkvine | Daksa | Goleč | Jakljan | Koločep | Kopište | Korčula | Kosmec | Lastovo | Lokrum | Lopud | Mljet | Misjak | Olipa | Palagruža | Proizd | Ruda | Sveti Andrija | Šipan | Tajan | Vrnik |