Rab
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prvić | |
---|---|
![]() Det historiske sentrumet på Rab |
|
Geografi | |
Stad | Adriatarhavet |
Koordinatar | |
Areal | 93,6 km² |
Høgaste punkt | Kamenjak (408 m) |
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Primorje-Gorski Kotar |
Største busetnad | Rab (554) |
Demografi | |
Folketal | 9 480 (2001) |
Rab (italiensk Arbe) er ei lita øy i Adriatarhavet ved kysten av Kroatia, og i Primorje-Gorski Kotar fylke. Øya var tidlegare grensa mellom Liburnia og Dalmatia.
Øya er 22 km lang med eit areal på 93,6 km² og 9 480 innbyggjarar (2001). Den høgaste toppen på øya er Kamenjak med 408 meter. Nordaustsida av øya er stort sett aude med kartbergartar, medan sørvestsida er dekka av grøne furuskogar. Øya er i dag ein populær feriestad med vakre strender og mange hendingar, mellom anna ein arbalestturnering og ein mellomalderfestival.
Den største landsbyen på øya heiter òg Rab. Han har 554 innbyggjarar (2001) og ligg på ei lita halvøy på sørvestsida av øya. Det går ferjer frå øya til fastlandet ved Jablanac og til naboøya Krk.
Landsbyen Rab har ein lang historie som går tilbake til 360 fvt. då han vart grunnlagd av illyrarane. Frå 200-talet fvt. til 500-talet evt. var Rab ein del av Romarriket. Den romerske keisaren Augustus erklærte øya eit Municipium i år 10. Han vart den første landsbyen i det romerske Dalmatia som fekk ærestittelen felix. St. Marinus, den kristne grunnleggjaren av San Marino, kom opphavleg frå Rab, men skal ha flykta frå øya i 301 då Diocletian forfulgte han.
I mellomalderen var Rab ein del av Austromarriket, og ein kort periode ein del av Kongedømet Kroatia. I 1358 kom øya under styret til Kong Louis den store, Angevin-herskaren av Ungarn. Frå renessansen var øya styrt av Venezia, og frå 1800-talet vart ho ein del av Austerrike-Ungarn, fram til det vart oppløyst. Øya var så italiensk før ho vart ein del av Jugoslavia etter 1945.
Under den andre verdskrigen oppretta det fasicistiske Italia Rab konsentrasjonsleir på øya, der over tusen menneske vart drepe mellom 1942 og 1943. I 1953 vart det oppretta eit minnesmerke for dei falne ved landsbyen Kampor.
Dei fire kyrkjetårna vart eit symbol på byen og øya. Det eldste av desse går heilt tilbake til 1000-talet. Den verste katastrofen på øya var utbrotet av ein byllepest i 1456, kraftig reduserte folketalet.
[endre] Lenkjer ut
|
![]() |
---|---|
Istria: Brijuni | Crveni Otok | |
Kvarner: Cres | Dolin | Goli otok | Ilovik | Krk | Lošinj | Oruda | Prvić | Rab | Susak | Sveti Grgur | Sveti Petar | Trstenik | Unije | Vele Srakane | Veti Orjule | Zeca | |
Nord-Dalmatia: Dugi Otok | Gangarol | Ist | Iž | Jadra | Kakan | Kaprije | Kornaten | Kurba | Lavdara | Lavrnaka | Lavsa | Maun | Molat | Murter | Olib | Pag | Pašman | Planik | Premuda | Prvić | Riva | Sestrunj | Sliba | Škarda | Škrda | Tijat | Tramerka | Ugljan | Veli Arta | Veli Smokvica | Vir | Vrgada | Zlarin | Zmajan | Zverinac | Žirje | Žižanj | Žut | |
Sentral-Dalmatia: Biševo | Brač | Brusnik | Budihovac | Čiovo | Hvar | Mali Drvenik | Ravnik | Stipanska | Svetac | Sveti Klement | Šcedro | Veli Drvenik | Vis | |
Sør-Dalmatia: Badija | Crkvine | Daksa | Goleč | Jakljan | Koločep | Kopište | Korčula | Kosmec | Lastovo | Lokrum | Lopud | Mljet | Misjak | Olipa | Palagruža | Proizd | Ruda | Sveti Andrija | Šipan | Tajan | Vrnik |