Chinguetti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Chinguetti (arabisk شنقيط) er ein by nordvest i Mauritania som ligg på Adrarplatået aust for Atar. Han var tidlegare ein samlingsstad for karavanar som kryssa Sahara, og er fortsatt eit viktig religiøst senter.
Viktige bygg i byen er moskéen, eit fort bygd av den franske framandlegionen og eit høgtvasstårn.
Byen har eit titals bibliotek med gamle manuskript på gaselle- og geiteskinn. Dei fleste av desse bøkene handlar om islam, men det finst òg nokre bøker om litteratur og vitskap.
Byen blei sett på UNESCO si liste over verdsarv i 1996.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |