Dei sju dygdene
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
De sju dygdene, eller dei sju kardinaldygdene, er dei positive spegleigenskapane til dei sju dødssyndene i romersk-katolsk kristendom. Dei spelte ei stor rolle for etiske diskusjoner i mellomalderen. Det norske ordet dygd kjem frå norrønt dygð, som er i slekt med å duge. Det latinske ordet for dygd er «virtus» som tyder styrke, (frå «vir», dvs. mann).
Innhaldsliste |
[endre] Prudentius’ liste
Ei liste med sju dygder skriv seg frå eit dikt av 400-talsspoeten Aurelius Clemens Prudentius, Psychomachia, som tek opp kampen mellom det gode og det onde.
- Dygd - virtus (motsats til vellyst)
- Openheit - liberalis (motsats til gjerrigheit)
- Fråhald - frenum (motsats til fråtsing)
- Flid - industria (motsats til latskap)
- Tolmod - patientia (motsats til vreide)
- Medmenneskelegheit - humanitas (motsats til misunning)
- Audmykt - humilitas (motsats til hovmod)
[endre] Kjelde
Omsett frå svensk wikipedia
[endre] Kardinaldygdene
Mot, visdom, måtehald og rettferd er Platons fire klassiske kardinaldygder. Kristen teologi legg gjerne til, frå 1. Kor. 13: Tru, håp og kjærleik. Desse sju er til saman dei sju kardinaldygdene:
- Prudentia (visdom eller varsemd)
- Iustitia (rettferd)
- Temperantia (måtehald)
- Fortitudo (mot)
- Fides (tru)
- Spes (håp)
- Caritas (kjærleik)
[endre] Kjelde
Omsett frå bokmålswikipediaen med tillegg frå nederlandsk wikipedia.