Dei sju dødssyndene
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei sju dødssyndene er ifølgje katolsk tradisjon synd som
Gjennom disse syndene mister den kristne tilgangen til andre sakrament enn skriftemålet. I skriftemålet kan den kristne gjennom eit medvite og reflektert oppgjer med handlingane sine leggje syndene bak seg gjennom eit oppriktig ønskje om ikkje å gjenta dei. Den oppriktige angeren vil da kunne gje Guds tilgjeving, formidla gjennom presten i den såkalla absolusjonen.
Dødssyndene omtalast i dag ofte som alvorlege synder, i motsetning til veniell synd eller svakheitssynder.
Pave Gregor I den store skal ha identifisert dei sju dødssyndene som:
- hovmod (superbia)
- griskheit (avaritia)
- vellyst (luxuria)
- misunning (invidia)
- fråtsing (gula)
- vreide (ira)
- latskap eller likegyldigheit (acedia)
Dødssyndene er òg kjende under akronymet saligia.
[endre] Sjå òg:
- Artikkelen er omsett frå bokmål og svensk wikipedia
- Dødssyndene har eit motstykke i dei sju dygdene