Den heilage Ansgar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristendommen |
Treeininga |
Gud Fader | Jesus | Den heilage ande | unitarisme |
Geistlege |
|
Viktige personar |
Nye testamentet: |
Den heilage Ansgar, Anskar eller Oscar (8. september?, 801–3. februar 865) var erkebiskop av Hamburg-Bremen, men er mest kjend for misjonærvirket sitt, med tilnamnet Nordens apostel. Ansgar er skytshelgen for Skandinavia, den danske kyrkja og for bispedøma Hamburg og Bremen.
[endre] Liv
Ansgar var fødd i Amiens og blei ein munk i benediktinarordenen. Han hadde hatt mykje kontakt med Harald Klak, den døypte og seinare fordrivne kongen av Danmark, og var den første kristne misjonæren i landet, utan å oppleva mykje hell. I 829 blei utpeika som misjonær til svenskane. Ansgar og munken Witmar kom til Birka same året, og skapte ein liten kyrkjelyd. Ansgar blir rekna som grunnleggjaren av den svenske kyrkja.
Han døydde i Bremen i 865, og etterfølgjaren hans, Rimbert, skreiv ned livssoga hans i Vita Ansgari. Ansgar er minna med ein statue i Hamburg og ein steinkross på Björkö, der ein meiner Birka låg.
[endre] Helgen
Ansgar er nemnt i Martyrologium Romanum, og har minnedag 3. februar. Som helgen blir han gjerne framstilt som biskop med stav, bok og mitra. I tillegg har han gjerne ein frakk eller kappe av pels for å visa at han hadde vore i det kalde nord. Han kan òg halda på ein modell av domkyrkja i Hamburg.
[endre] Peikar ut
- Den hellige Ansgar på katolsk.no
- Vita Ansgari (på engelsk)