Jesus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristendommen |
Treeininga |
Gud Fader | Jesus | Den heilage ande | unitarisme |
Skrifter |
Jesus frå Nasaret (f. rundt 6–4 f. Kr., død år 29–33) er opphavsmannen til kristendommen. Han var ein jødisk mann som levde i den romerske provinsen Judea i det første hundreåret. Innan kristendommen blir han rekna som Messias og sonen eller lekamleggjeringa av Gud, kalla Jesus Kristus, medan han blir sett på som ein profet innan islam og bahaireligionen. Jødedommen ser derimot på Jesus som ein falsk messias.
Dei fire evangelia i Det nye testamentet handlar om livet til Jesus. Me veit lite om det tidlege livet hans, men evangelia fortel mykje om dei siste åra. I denne tida vandra han rundt i Judea og Galilea, forkynde si frelselære og helbreda sjuke. Han blei sett på som ein oppviglar, og krossfesta. Etter tre dagar skal han så ha stått opp frå dei døde før han blei teken opp til Gud i Himmelen.
Innhaldsliste |
[endre] Fødsel
Mange historiar knytter seg til Jesus sin fødsel. Evangelistane fortel at han blei fødd i Betlehem, og at både under og udådar hende i samanheng med dette. Englar skal ha sunge ved fødselen, vise menn og gjetarar vitja han, men den romerske landshovdingen, Herodes, skal òg ha forfølgd og drepe alle guttebarna i området fordi han var redd barnet han høyrde rykter om skulle truga makta hans. I dag feirer ein fødselen til Jesus til jul.
[endre] Familie
Om mor til barnet, Maria, knytter det seg òg mange historiar. I mange tradisjonar var ho ei jomfru før og i nokre tilfelle også etter fødselen. Ho skal ha blitt fortald om barnet ho bar og den store framtida hans på Maria bodskapsdag. Mannen til Maria, Josef, var i dette tilfellet pleiefaren til Jesus. I familien var det òg fleire ungar. Nokre kyrkjeretningar seier at dei var barna til Josef frå eit tidlegare ekteskap fordi Maria alltid var ei jomfru, andre at dei òg var hennar ungar. Andre meinar at desse var brødre i trua og ikkje biologiske brødre.
[endre] Forkynning
Første gongen Jesus utmerka seg skal ha vore i Tempelet i Jerusalem i ein samtale med dei skriftlærde der. Deretter blir ingenting fortald før han blei døypt av Johannes Døyparen og tok til å forkynna ei ny frelselære ved hjelp av enkle likningar og metaforar. Han skal ha utført mange mirakel, som å få lamme folk til å gå igjen og blinde til å sjå. Ein del bibelforskarar meiner at mange av desse mirakla heller er allegoriar om at han opna augene og øyra til folk for den nye læra si.
Mykje av det Jesus sa truga dei leiande retningane innan jødedommen på den tida. Han tok gjerne partiet til fattige, arme og syndarar, og hevda at dei hadde ein mykje betre sjanse til å oppnå Paradiset enn dei som levde etter dei religiøse lovane, men ikkje tok seg nok av andre. Han lærte òg at ei ny tid snart skulle koma, og at folk måtte angra og gjera bot, og var slik ein endedagsprofet.
Mange menneske blei tiltrukne av læra hans. Dei framste av desse var tolv disiplar som seinare blei apostlane for kristendommen. Av kvinner blei særleg Maria Magdalena halden fram som ein viktig disippel.
[endre] Død
Det nye testamentet fortel at Jesus med følge kom til Jerusalem under pesahfeiringa, der han skapte bråk i Tempelet ved å riva ned borda til pengevekslarane. Han blei deretter sviken av Judas Iskariot, arrestert og seinare krossfesta av romarane, under leiing av Pontius Pilatus, på oppfordring av folkemassane, med tiltalen "Kongen over jødane".
Kroppen hans blei deretter teken ned og gravlagd av følgesvenene hans. Etter tre dagar skal grava ha blitt funnen opna og tom, medan fleire av disiplane møtte Jesus i dei neste førti dagane. Deretter blei han henta opp til Himmelen på Kristi himmelfartsdag.
[endre] Namnet Jesus
Namnet Jesus kjem frå gresk Iesoûs (Ιησους) som igjen kjem frå det arameiske namnet Jēšūaʿ (ישׁוע) eller hebraiske Jəhōšūa‘ (יְהוֹשֻׁעַ) eller Jōšūa‘ (יֹשׁוּעַ) ‘Gud bergar meg’.
I Noreg har det lenge vore ulovleg å gje Jesus som førenamn, medan det derimot har vore vanleg i mange katolske land. Derimot har det hebraiske namnet Jəhōšūa‘/Jōšūa‘ med same opphav vore ein del brukt i forma Joshua på engelsk og Josva på norsk.