Det franske flagget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det franske flagget, kjend som Trikoloren, er eit nasjonalflagg med tre loddrette striper i raudt, kvitt og blått. Det knytter seg sterke kjensler til flagget, som først blei brukt under den franske revolusjonen og har inspirert ei rekkje andre nasjonalflagg.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Flagget skal ha teke utgangspunkt i ein rosett som blei laga i juli 1789 under den franske revolusjonen då Marquis de Lafayette kombinerte dei raude og blå fargane til Paris med det einsfarge kvite flagget til kongen av Frankrike. Fargane kan òg ha blitt inspirerte av det amerikanske eller det nederlandske flagget. Den franske nasjonalkonvensjonen gjorde flagget til nasjonalflagg den 15. februar 1794 (27 pluviôse an. II i revolusjonskalenderen)
Då monarkiet blei gjenninført i 1815 etter nedkjempinga av Napoleon gjekk den nye kongen òg tilbake til det gamle kvite flagget med ei fransk lilje. Men etter at Charles X abdiserte i 1830 nekta nasjonalforsamlinga å godta ein konge som insisterte på dette flagget, og trikoloren blei gjeninnført.
[endre] Namn
På fransk er flagget kjend som le drapeau tricolore (det trefarga flagget), le drapeau bleu-blanc-rouge (det blå-kvit-raude flagget'), le drapeau de la France (det franske flagget), le tricolore (trikoloren) og på folkemunna les couleurs (fargane).
[endre] Flagget i kulturen
Det franske flagget var utgangspunktet for ein filmtrilogi av Krzysztof Kieślowski kalla Trois couleurs. Kvar av filmane tok utgangspunkt i ein av fargane i det franske flagget og ein av verdiane i det franske revolusjonsslagordet liberté, egalité, fraternité.