DJ
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DJ er ei forkorting for «Disc Jockey» som eigentleg tyder «plateryttar». Det norskifiserte ordet for discjockey er platepratar. Nemninga blir brukt om ein som vel ut og speler songar på ein PC i til dømes eit diskotek eller på radio, eller som blandar musikk laga av andre og lydar frå til dømes ein synthesizer for å skapa sin eigen musikk.
Ein art av DJ er VJ eller «Video Jockey». Denne nemninga vert brukt om personar som introduserar musikkvideoar i eit musikkprogram på fjernsyn, eller som speler musikkvideoar på storskjerm på utestader.