Drue
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drue er ein frukt. Druer kan vera grøne, blå eller lilla.
Ein kan eta druer rå som søt frukt, i tørka form som rosiner, og laga saft eller jus av dei. Druer er likevel mest brukte i gjæra form, som vin. Druesaft blir òg mykje brukt som naturleg søtingsmiddel i jus av anna frukt.
Rundt halvparten av all frukt som blir dyrka i verda, er druer. Det finst fleire arter av dei som alle tilhøyrer familien Vitaceae. Ulike druesortar egner seg best til å etast direkte, eller til å laga ulike typar vin.
Drueplanten likar seg best i sokalla "dårleg" jordsmun, med mykje kalk og stein. Solvende skråningar ned mot elvar er ideelle for druedyrking. Dette gjev plantane rik tilgong til fukt, og dobbelt opp med sol.
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |