Vin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vin er ein alkoholhaldig drikk framstilt ved gjæring av frukt eller bær og eventuelt søtemiddel (som t.d. sukker), gjærkultur og andre ingrediensar. Denne prosessen vert kalla vinifikasjon. Den klassiske vinen er laga av druer og er oftast raud eller kvit, avhengig av ingrediensar og framstillingsmåte. Det vert òg laga rosévin, som kan vera frå gråleg til svak rosa i fargen. Vin kan òg lagast av ei rekkje andre plantar.
Det som skil musserande vin frå ikkje-musserande vin, er at han inneheld koldioksid som lager sprudlande bobler. Skilnaden mellom sterkvin og aromatisert vin ligg i alkoholinnhaldet og aromaframstillingar. Vin vert delt inn i tre kategoriar: tørr, halvtørr eller søt. Hovudsakleg inneheld vin mellom 8,5 og 14 volumprosent alkohol, men strengt teke finst det vin med alt mellom 5,5 volumprosent og 22 volvolumprosent alkohol. Dersom vinen inneheld mellom 15 og 22 volumprosent alkohol vert han kalla sterkvin. Allereie kring 6000 fvt. vart druer dyrka for å laga vin
Det er i fylgje norsk lov 18 års aldersgrense for å kjøpe og drikke vin med alkoholinnhald på mellom 2,5 og 21 %. Vin blir seld på Vinmonopolet.
[endre] På verdsveven
- Frenchscout, vinguide
Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over matspirer. |