Fawlty Towers
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fawlty Towers (kalla Hotell i særklasse på norsk) er ein britisk fjernsynsserie laga av BBC, om det fiktive hotellet Fawlty Towers i Torquay i Devon på den engelske sørkysten. Hotellet er eigd og drive av den eksentriske Basil Fawlty og kona hans Sybil, stovepika Polly og den spanske kelnaren Manuel. Faste hotellgjestar er den halvsenile major Gowen og dei eldre frøknane Miss Tibbs og Miss Gatsby.
Handlinga er farseprega og full av tilfeldige samantreff og misforståingar. Det bærande elementet er Basil Fawlty sin eksentrisitet og det uforlignelege kroppsspråket hans.
Serien er sendt på NRK i fleire omgongar.
Innhaldsliste |
[endre] Skodespelarar
- Basil Fawlty (spela av John Cleese)
- Sybil Fawlty (Prunella Scales)
- Polly Sherman (Connie Booth)
- Manuel (Andrew Sachs)
- Major Gowen (Ballard Berkeley)
- Miss Tibbs (Gilly Flower)
- Miss Gatsby (Renee Roberts)
- Kokken Terry (Brian Hall) (medverka i serie 2)
Manuskripta vart skreve av John Cleese og Connie Booth, som var gifte då den fyrste serien vart innspelt 1975. Då den andre programserien vart innspelt i 1979, var Cleese og Booth skilt etter 10 års ekteskap.
Programma vart produsert og regissert av John Howard Davies, Douglas Argent og/eller Bob Spiers.
[endre] Bakgrunn
John Cleese henta inspirasjon til Fawlty Towers då Monty Python-gjengen budde på Gleneagles Hotel i Torquay. John og Connie budde på hotellet etter at opptaka til det fyrste Monty Python-showet var avslutta.
[endre] Liste over episodane
Den fyrste episoden vart vist på BBC 2 19. september 1975. Episodane i den fyrste serien:
- «A Touch of Class»
- «The Builders»
- «The Wedding Party»
- «The Hotel Inspectors»
- «Gourmet Night»
- «The Germans»
Samtlege seks episodar vart regissert av John Howard Davies.
Den andre serien vart sende tre og eit halvt år seinare. Episodane var:
- «Communication Problems»
- «The Psychiatrist»
- «Waldorf Salad»
- «The Kipper and the Corpse»
- «The Anniversary»
- «Basil the Rat»
Desse seks episodane vart regissert av Bob Spiers.