Frode Grytten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frode Grytten (f. 11. desember 1960) er ein norsk forfattar og journalist. Han voks opp på industristaden Odda i Hardanger. Grytten tek mange gonger utgangspunkt i miljøet i Odda.
Seinare studerte han i Bergen, og har sidan budd der. Ei tid var han journalist i avisa Bergens Tidende, men har etter kvart vorte forfattar på heiltid.
Grytten skriv for det meste på nynorsk.
For romanen Bikubesong fekk Grytten Brageprisen i 1999 og vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Bikubesong er omsett til fleire språk. I tillegg er det laga eit teaterstykke med grunnlag i boka. I 2004 var han festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela.
[endre] Utgjevingar
- 1983 Start. Diktsamling.
- 1986 Dans som en sommerfugl - stikk som en bie. Novellesamling
- 1990 Langdistansesvømmar. Noveller
- 1993 80 grader aust for Birdland. Ni noveller.
- 1995 Meir enn regn. Novellesamling
- 1997 Heim att til 1990-åra. Noveller
- 1999 Bikubesong. Kollektivroman
- 1999 Frosken Vertigo og det store spranget. Barnebok
- 2001 Popsongar. Noveller.
- 2002 Dublin. Reiseskildring
- 2004 Hull & sønn (Humorbok saman med Marvin Halleraker)
- 2005 Bikubegang : 24 stopp i Frode Gryttens univers
- 2005 Flytande bjørn. Roman
[endre] Prisar
- 2005 - Rivertonprisen for Flytande bjørn