Galtung
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galtung er eit norsk slektsnamn og etternamn. I mellomalderen var Galtung namn på ei norsk adeleg ætt. Det er uvisst om denne ætta er den same som slekta Galtung i nyare tid. Ei slekt Galtung vart kring 1646-48 adla av kongen av Danmark-Norge. På 1880-talet vart slekta innført i adelsårboka i Danmark.
Familien eigde garden Torsnes i Jondal kommune i Hardanger i fleire hundre år. Slekta er innført i H. J. Huitfeldt-Kaas sitt register frå 1885 over påståtte adelege mellomalderslekter. Slekta Galtung hadde som adeleg slektsvåpen ein oppreist galte, d.v.s ein hann-gris, av villsvin med hoggtenner.
[endre] Personar med Galtung som etternamn
- Johan Galtung, norsk professor og fredsforskar
- Gunvor Galtung Haavik (1914-1977), norsk sjukepleiar, diplomatisk personell og KGB-spion.
- Bjørg Hope Galtung - stortingsrepresentant
[endre] Bakgrunnsstoff
- Galtung, Johan Ellertsen: Galtungslekten i fortid og nutid, Oslo 1997.
- Huitfeldt-Kaas, H.J.: De nulevende Adelsslægter i Norge, Christiania 1885.