Gibraltarsundet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gibraltarsundet er namnet på den smale delen av havstrekninga mellom Spania og Gibraltar i nord og Marokko og Ceuta i sør, og som utgjer sjøvegen mellom Atlanterhavet i vest og Middelhavet i aust. Fjella som avgrensar Gibraltarsundet var kjende som Herkulessøylane i antikken. Det finst nokre småe øyar der som både Spania og Marokko gjer krav på, som til dømes Isla Perejil. Sundet er 300 meter djupt og er kring 15 km vidt på det smalaste.
Gibraltarsundet ligg svært strategisk til. Skip som går mellom Atlanterhavet og Middelhavet passerer gjennom dette sundet under Gibraltarfjellet. I tillegg er dette den enklaste vegen mellom Europa og Afrika for landvegsfarande. Under Andre verdskrigen hadde britiske styrkar kontroll over Gibraltarsundet frå basen sin. Tyske undervassbåtar som kom seg inn i Middelhavet vart i praksis fanga der, sidan dei ikkje kunne gå ut sundet i overflateposisjon på grunn av britisk overvaking og dei ikkje kunne dykke ut sundet heller sidan djupvasstraumane var for strie.
Spanske og marokkanske styresmakter har i dei siste åra drive felles utgreiingsarbeid om i kva grad det er mogleg å byggje ein tunnel under sundet på liknande vis som Kanaltunnelen mellom England og Frankrike. Ein ny treårsplan for utgreiing av ei mogleg jarnbanetunnel vart kunngjort i 2003.
I tillegg har ei gruppe amerikanske og britiske ingeniørar undersøkt moglegheita for å byggje bru over sundet. Ei slik bru ville måtta vera ei kombinert fagverks-hengebru og ville vera mykje høgre (over 900 meter) og lengre (15 km) enn noka bru som finst i dag.