Gitar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gitar er eit opphaveleg spansk strengeinstrument av tre. Gitaren (akustisk) er samansett av ei lydkasse med hol, ein stol der strengane er festa og ein hals med band. Klangbotnen er vanlegvis av nåletre som gran eller seder, mens hals, sarg og botn er laga av ulike typar harddtre som lønn, rosentre, mahogni og andre.
Klassiske gitarar har nylonstrengar, men det er i dag òg vanleg med stålstrengsgitarar, og mange av desse igjen er utstyrt med mikrofon slik at dei kan spelast på gjennom ein forsterkar.
Reindyrka elektriske gitarar er også vanlege og vert ofte kalla plankegitar fordi dei ikkje har klangbotn og lydkasse. El-gitarane er konstruert som ein «planke» med magnetiske mikrofonar. Den mest populære plankegitaren er Fender Stratocaster, ein gitartype som har eksistert praktisk talt uforandra sidan 1954.
Gitaren har normalt seks strengar. Tre vert kalla basstrengar, og tre for diskantstrengar. På gitarens «hovud» er det stemmeskruer for å halde instrumentet stemd, og den normale stemminga går i kvarter frå E til A, frå A til D osb, mens intervallet fra G-strengen berre er ein ters opp til H, og deretter kjem nok ein kvart til E. Standardstemming for dei 6 strengane vert difor tonane (frå lågast til høgast) E-A-D-G-H-E, «Ein Anna Dag Gjekk Han Einsam». Gitarar kjem også med tolv strengar (tolvstrengsgitar) som har seks strengepar der dei djupaste strengane er stemd i oktavar.
Mange stemmer om gitaren til open stemming, der strengane vert stemd i ein akkord, som oftast ein dur-akkord. Dette er vanleg innan blues ved bruk av slide eller bottleneck, eit metall- eller glasrøyr som kviler på strengane og lagar tonar utan å røre ved gitarhalsen. Den vanlegaste opne stemminga er D-A-D-G-A-D.
Gitaren er eit ideelt akkordinstrument for bruk ved akkompagnement av song eller eit melodi-instrument, men er eit velkjend soloinstrument òg. Det var særleg klassisistiske komponistar som Fernando Sor og Maurio Guliani som har gitt oss gitarkomposisjonar av høgare kvalitet. Deira sonater og etyder vert ofte spela i vår tid.