Gråsporv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gråsporv |
||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Gråsporv (fotografert av Svein Jan Hjelmeset.) |
||||||||||
Systematikk | ||||||||||
|
||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||
Passer domesticus Linné, 1758 |
Gråsporv (Passer domesticus) er fuglar i sporvefamilien. Dei er standfugl som held seg nær fuglebrettet heile vinteren, og er kjend for å kunne legge fleire kull kvart år. Han trivst nær hus og menneske, og særleg i byar.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Gråsporven blir opp til 16 cm lang. Hannen har askegrå hette, kastanjebrun nakke og stor svart strupeflekk. Hoa er meir einsfarga og har ikkje det brunraude nakkepartiet og den svarte strupeflekken. Gråsporven er svært selskapeleg og er titt og ofte på fuglebrettet. Han kan ofte bli forveksla med pilfinken, men han er litt mindre enn gråsporven og har ein svart flekk på kinnet.
[endre] Hekking
Gråsporven er ein av dei best kjende fuglane i verda. Han lever i tettbygde strok over nesten heile Noreg. Om våren kan du sjå han i store flokkar i busker og hekkar der han syng av all si lyst. Gråsporven kan irritere hageeigarar når han nappar av kronblada på blomster og et opp bær på kjørra, som han ofte gjer. Favorittmaten er gule blomar. Han går delvis opp i bjørkebeltet.
Gråsporven er ein selskapeleg fugl, uredd, men samstundes vaktsam på farer. Han held saman i livsvarige par. Reira legg han gjerne under takstein og i fuglekasser. Dei er laga av strå, fjør, ull og hår.
Fuglen legg 4-6 gårvorne egg. Fargen varierer veldig. Dei kan vere grønlege, kvite eller grågrøne med grå, brune eller grønbrune flekkar. Gråsporven rugar på egga sine i 13-14 dagar. Dei legg 2-3 kull i løpet av april, mai og juli. Viss gråsporven lever i gode forhold er det blitt observert at han har lagt opp til 7 kull. Ungane er i reiret i 16-17 dagar.
[endre] Mat
Gråsporven er ein fugl som er utruleg tilpassingsdyktig når det gjeld å få seg mat. Han lever av plantefrø og er spesielt glad i korn, som havre og kveite, men kan òg ta brødsmular, peanøtter og frukt som vi kastar i frå oss. Han er ofte på besøk på fuglebretta. Om sommaren et han mykje insekt.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Gråsporv på uio.no
- Årets fugl 2003
- Gråsporv og pilfink