Gudolf Blakstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudolf Blakstad (19. mai 1893–22. november 1985) var ein norsk arkitekt. Han vart fødd i Gjerpen nær Skien, og døydde i Oslo.
Blakstad tok utdanning ved Norges Tekniske Høyskole, med eksamen frå arkitektlinja i 1916. Som arkitekt arbeidde han mykje saman med Arnstein Arneberg og Herman Munthe-Kaas. Blakstad vart kjend for arbeidet sitt i overgangen mellom nyklassisisme og funksjonalisme i norsk arkitektur. Blakstad er særleg kjend for å ha teikna Haugesund rådhus (1922) i nyklassisistisk stil og Kunstnernes Hus i Oslo i funksjonalistisk stil.