Hárbarðsljóð
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hárbarðsljóð, norsk Hårbardsljod, er eit eddadikt som skildrar ei trette mellom Tor og ein ferjemann.
Tor er på heimveg og kjem til eit sund der ein ferjemann stend på den andre sida. Tor ropar og ber ferjemannen å ferja seg over sundet. Ferjemannen, som heiter Hårbard, nektar og sidan byrjar ei trette mellom dei. Tor rosar seg av storverka sine men Hårbard fornærmar han og skildrar sine eigne.
|
|
Til slutt gir Tor opp og tek ein omveg.
Diktet er dunkelt og ferjemannen er gåtefull. Dei fleste forskarar trur at det er Odin som skjuler seg bak ferjemannen si maske.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Hårbardsljod Omsetjing av Ivar Mortensson-Egnund
- Hárbarðsljóð Norrønt