Midgard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Middle-earth, J.R.R. Tolkien sitt oppdikta kontinent, omsett til norsk som Midgard.
Midgard (norr. Miðgarðr) er i norrøn mytologi menneska sin buplass, som æsene bygde av Yme sin lekam. Midgard ligg utanfor Åsgard, mellom gudeheimen og jotunheimen. Midgard ligg midt i det norrøne verdsbiletet.
Omgrepet Midgard er svært gamalt. Ein finn det i fleire germanske språk, og tidlegast i Codex Argenteus frå 333. Her nyttast ordet Midjungard, som er gotisk for Midgard, i Juleevangeliet. På Gamalengelsk er omgrepet Middangeard, som vart til Middle-earth i Tolkien si diktarverd. Vi får tru at ordet tyder på ein sams grunnleggjande verdsoppleving for dei germanske folka.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |