Håkonshallen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Håkonshallen er ein steinhall frå mellomalderen, i Bergen. Håkonshallen vart først oppført under Håkon Håkonssons styre av Noreg (1217-1263). Første gongen ein veit han vart brukt var under brudlaupet til kong Håkon sin son, Magnus, seinare kjent som Magnus Lagabøte, den 11. september 1261.
I dag blir Håkonshallen administrert av Bymuseet i Bergen, som også administrerer Rosenkrantztårnet (rett attmed Håkonshallen), Gamle Bergen og Lepramuseet. Håkonshallen blir brukt ein del til konsertar, særleg korsang og kammarmusikk.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |